Dyrehaldaren skal vere kompetent

Alle dyrehaldarar skal ha tilstrekkeleg kompetanse til å sikre dyra god nok velferd. Plikta til å vere kompetent følger av dyrevelferdslova § 6 og forskriftene om dyrevelferd.

Publisert

Med «kompetanse» meiner ein både evne og vilje til å behandle dyra godt. Dyrehaldarane skal ha kunnskap, ferdigheiter, økonomi, ressursar, personell og personlege føresetnader for å kunne gi dyra god nok velferd. I tillegg skal dyrehaldarane ha empati med dyr og gode haldningar til dyrevelferd.  

Dyrehaldarar med beitedyr skal ha evne og vilje til å passe godt nok på dyra. Mangel på for eksempel pengar, ressursar og personell fritar ikkje dyrehaldaren frå dei pliktene som følger av dyrevelferdslova og forskriftene om dyrevelferd.

Sida er ein del av denne rettleiinga: