Dyrehaldaren skal vurdere risikoen i beiteområdet

Å beite og bevege seg fritt utandørs er i utgangspunktet eit gode for dyra og heilt i tråd med dyrevelferdslova. Men fridommen har ein pris. Ute og særleg i utmarka er det større og heilt andre farar enn inne og på innmark.

Fagleg oppdatert

Spørsmålet er kor mykje risiko som er dyrevelferdsmessig akseptabelt på beite, og kva dyrehaldaren må gjere for å handtere denne risikoen.

Dyrehaldaren må kjenne til farane i området og sjølv vurdere risikoen for beitedyra; altså kor sannsynleg det er at beitedyra blir utsette for store belastningar, og kor mange dyr som sannsynlegvis blir belasta. I område med fleire farar må dyrehaldaren vurdere den samla risikoen og belastninga.

Risikovurderinga må dyrehaldaren gjere både før dyra blir sleppte på beite eller flytta frå eitt beite til eit anna, og mens dyra er på beite i eit område.

Dyrehaldarar som har dyr saman på beite (beitelag, tamreinlag og siida), bør vurdere risikoen i området saman. Dei bør også samarbeide om det som skal gjerast for dyrevelferden. Lag og siida kan ha sjølvstendig ansvar som dyrehaldarar.

Risikovurderinga

I risikovurderinga må dyrehaldaren legge vekt på

  • kor mange og kva slags dyr som skal haldast eller blir haldne i beiteområdet
  • kor mange og kva slags rovdyr som sannsynlegvis førekjem i området
  • kva for nokre andre risikofaktorar enn rovdyr som sannsynlegvis førekjem i området
  • kor mange og stor prosentdel av beitedyra (med tal for vaksne dyr, avkom og vaksne og avkom til saman) som av ulike grunnar gjekk tapt i førre beitesesong og beitesesongane før det
  • kor mange beitedyr som påviseleg eller sannsynlegvis er skadde og drepne av rovdyr eller påført andre store belastningar i området
  • kor mange dyr som påviseleg eller sannsynlegvis er påkøyrde av bil eller tog

Her er typiske farar som dyrehaldaren må ta med i risikovurderinga:

  • store rovdyr
  • laushundar
  • flygande insekt
  • parasittar
  • giftige plantar
  • smitte og sjukdom
  • stup og andre farar i terrenget
  • flaum, ras, ekstremvêr og ustabilt klima
  • usikra toglinje
  • bilvegar med og utan ferist eller gjerde
  • hytter, gjerde og andre innretningar som beitedyra kan sette seg fast i eller bli skadde av

Her er moment som dyrehaldaren må legge vekt på i den nærmare vurderinga av risiko for rovdyrangrep:

  • om det er ulv, bjørn, jerv, gaupe eller ørn
  • om rovdyra har permanent opphald i området eller berre streifar innom
  • kor i området rovdyra er, for eksempel på fjellet eller i skogen
  • når i beiteperioden rovdyra førekjem i området
  • om det er hanndyr, hodyr, revir, yngling og avkom
  • om området er offentleg prioritert for beitedyr eller for rovdyr
  • om miljømyndigheitene tillèt lisensjakt med betyding for rovdyrførekomsten i området
  • kor sannsynleg det er at miljømyndigheitene vil tillate at skadevaldande rovdyr blir felt (skadefelling)
  • kor sannsynleg det er at skadevaldande rovdyr eventuelt blir felt innan rimeleg tid

Planlegging og dokumentasjon

Dyrehaldaren må ta høgde for risikoen når beitet skal planleggast og gjennomførast. Risikoen er avgjerande for kor hyppig, nært og grundig tilsyn dyrehaldaren må føre, og kva tiltak dyrehaldaren må gjere for å verne beitedyra.

For å vere godt førebudd bør dyrehaldaren utarbeide ein skriftleg beiteplan. Dyrehaldaren bør også dokumentere korleis det går med dyra på beite, og kva dyrehaldaren gjer for å sikre dyrevelferda. For sauer og geiter er det forskriftsfesta å føre ein slik journal. Å ha skriftleg beiteplan og beitejournal er også ein fordel om Mattilsynet krev å få opplysningar med heimel i dyrevelferdslova § 19.

Regelverk

  1. Dyrevelferdsloven § 3, § 19, § 23 og § 24
  2. Småfeholdforskriften § 4, § 19, § 22 og § 24
  3. Storfeholdforskriften § 4 og § 17
  4. Hesteholdforskriften § 4 og § 17
  5. Produksjonsdyrholdforskriften § 5, § 6 og 8