Mattilsynet rettleier og kontrollerer dyrehaldarane
Mattilsynet rettleier dyrehaldarane og kontrollerer om dyrehaldarane gjer det dei skal for beitedyra.
Mattilsynet har som oppgåve å
- rettleie dyreholdarane om beitereglane
- kontrollere om dyrehaldarane følger beitereglane
Kontrollen skal vere risikobasert. Det vil seie at Mattilsynet prioriterer kontroll av beiteområde og dyrehaldarar der risikoen for beitedyra er størst. Kontrollen kan gjelde akutte tilfelle mens dyra er på beite, men kan også gjelde tettare oppfølging av dyrehaldarar gjennom heile året.
For å kontrollere ein dyrehaldar må Mattilsynet krevje opplysingar frå dyrehaldaren og innhente tapstall og anna relevant informasjon frå andre kilder. Mattilsynet kan også inspisere dyrehaldet når dyra er tilgjengelege.
Det sentrale for Mattilsynet er å
- finne ut kva dyrehaldaren har gjort, gjer og planlegg å gjere for dyrevelferden på beite
- vurdere om det er godt nok for å handtere risikoen
Heimelen for kontroll er dyrevelferdslova § 30 første ledd, mens heimlane for inspeksjon og krav om opplysingar er dyrevelferdslova § 18 og § 19.
Om Mattilsynet påviser at dyrehaldaren har brote eller kjem til å bryte regelverket, får dyrehaldaren enten skriftleg rettleiing eller eit nødvendig enkeltvedtak. Heimelen for enkeltvedtak er dyrevelferdslova § 30 første ledd.
Regelverk
- Dyrevelferdsloven § 18, § 19 og § 30
- Småfeholdforskriften § 28
- Storfeholdforskriften § 27
- Hesteholdforskriften § 31
- Produksjonsdyrholdforskriften § 13
Dyrevelferdsloven § 18, § 19 og § 30
§ 18. Adgang til sted og plikt til å yte bistand
§ 19. Opplysningsplikt, dokumentasjon og kontrolltiltak
§ 30. Tilsyn og vedtak
Kilde: Lovdata.no
Småfeholdforskriften § 28
§ 28. Tilsyn og vedtak
Kilde: Lovdata.no
Storfeholdforskriften § 27
§ 27. Tilsyn og vedtak
Kilde: Lovdata.no
Hesteholdforskriften § 31
§ 31. Tilsyn, vedtak og utfyllende bestemmelser
Kilde: Lovdata.no
Produksjonsdyrholdforskriften § 13
§ 13. Tilsyn og vedtak
Kilde: Lovdata.no