Eigenerklæring og veterinærattest ved dyresamlingar

Alle dyr som deltar på dyresamlingar, skal vere friske og følgast av ei eigenerklæring.

Publisert

Viss dyra kjem frå eit anna fylke, må dei i tillegg ha veterinærattest. Eigenerklæringa og veterinærattesten skal bekrefte at dyra ikkje viser kliniske teikn på sjukdom, og at dyrehaldet ikkje har fått restriksjonar på flytting på grunn av sjukdom eller manglande merking av dyr.

Det er ingen formkrav til eigenerklæringa og veterinærattesten.Veterinærattest og eigenerklæring er gyldig i sju dagar frå utferdingsdatoen. De som er arrangørar kan sjølv forme ut eit eigenerklæringsskjema og eventuelle ein veterinærattest som er tilpassa arten til arrangementet.

Arrangøren må ta vare på eigenerklæringane og veterinærattestane i minst eitt år etter arrangementet.

Mattilsynet anbefaler at kjæledyr er individmerket (for eksempel chipmerket eller ringmerket) og vaksinert og eventuelt blir følgt av eit kjæledyrpass.

Unntak for nokre artar

Det er unntak frå krav om eigenerklæring og veterinærattest for hestar, kattar, hundar og mindre pattedyr og burfuglar som blir haldne som kjæledyr. Alle hestar skal likevel ha hestepass, som alltid skal følge med hesten.

Sida er ein del av denne rettleiinga: