Til hovedinnhold

Åtejakt - kva for reglar gjeld?

Her kan du lese om smittefarane ved ulike typar åter, og få generelle råd ved bruk av åte.

Publisert

Smittefaren avgjer kva som kan brukast til åte 

Animalske biprodukt blir delte inn i tre kategoriar basert på risiko for smittespreiing: 

Kategori 1: Materiale med stor smitterisiko 

Kategori 1 inneber til dømes animalsk materiale frå dyr som har døydd av ein sjukdom, eller materiale som blir betrakta som spesifisert risikomateriale og som skal destruerast i trygg avstand til matkjeda. 

Slikt materiale skal aldri brukast til åtejakt. 

Kategori 2: Materiale med ein viss smitterisiko 

Kategori 2 inneber til dømes dyr som døyr på garden utan at dei blir slakta til mat. Handtering av sjølvdøde produksjonsdyr stiller større krav til kompetanse. Derfor skal dei leverast til kadaverbil med mindre det er tillatne å forbrenne dei på garden. Slakteavfall frå produksjonsdyr som er heimeslakta på garden for privat bruk, er å rekne som kategori 2-materiale, og kan ikkje leggjast ut som åte. Dyreeigare kan ikkje overlate sjølvdøde dyr til jegerar til bruk som åte. 

Slakteri kan berre utlevere kategori 2-materiale til verksemder som er registrerte hos Mattilsynet, og som i tillegg har fått dispensasjon, ikkje til ordinære jegerar. 

Kategori 3: Materiale med liten smitterisiko 

Dette er til dømes tidlegare animalske næringsmiddel og avskjer frå slakt av dyr. 

Mattilsynet reknar det forsvarleg å bruke kategori 3-materiale til åtejakt, og slakteri kan utlevere slikt materiale til jegerar som er registrerte hos Mattilsynet. 

Bruk skjema for godkjenning / registrering av animalsk biproduktverksemd 

Bruk av materiale frå ville dyr til åte 

Animalske biprodukt frå ville dyr er i utgangspunktet haldne unna biproduktregelverket. Bruk av slike dyr som åte i det naturlege habitatet som dyret levde i, er derfor tillate. 

Er det mistanke om smittsam sjukdom, eller vissdyret blir flytta ut av det naturlege habitatet sitt, kjem biproduktregelverket til bruk. Då kan dyret ikkje brukast som åte. 

Skrantesjuke og afrikansk svinepest 

Kadaver frå sjølvdøde og avliva ville hjortedyr, oppdrettshjort og tamrein skal vere testa for skrantesjuke, og prøva skal vere negativ, før dei kan nyttast som åte. 

Slakteavfall frå jakta hjortevilt kan leggjast igjen i området der dyret har levd utan at det blir tattprøve av dyret. Slikt slakteavfall kan også brukast til åtejakt. 

Jegerar må ha kunnskap om risikoen for skrantesjuke i områda dei jaktar. 

For å forhindre spreiing av afrikansk svinepest skal det ikkje nyttast materiale frå svin, verken tamme eller ville, til åtejakt. Slakteri skal ikkje utlevere materiale frå svin til slik jakt. 

Råd til åtejakt 

Du treng ikkje å melde frå til Mattilsynet når du legg ut åte, men vi har nokre råd til jegerar: 

  • Ikkje bruk større åte enn nødvendig.
  • Åteplassen skal ikkje forstyrre lovleg beitebruk. 
  • Åteplassen skal ikkje vere til sjenanse for publikum. 
  • Rydd opp etter avslutta jakt. 

Regelverket som regulerer åtejakt

Åtejakt er regulert gjennom Viltlova (lovdata) og forskrift om utlegging av åte og fôring av vilt (lovdata). Kva jegerar kan nytte til åte, og korleis dei skaffar seg det, er delvis regulert i animaliebiproduktforskrifta (lovdata.no) 

Regelverk

Lov om jakt og fangst av vilt (viltloven)

Forskrift om utlegging av åte og fôring av vilt

Animaliebiproduktforskriften