Til hovedinnhold

Kastrering av hund

Rutinemessig kastrering av hundar er ikkje tillate etter den norske dyrevelferdslova.

Publisert

I mange land er det svært vanleg å kastrere hundar. Inngrepet gjerast gjerne rutinemessig for å førebygge uønskt formeiring eller på annan måte gjere hundehaldet enklare for eigaren.

Kastrering er eit kirurgisk inngrep

Kastrering er eit kirurgisk inngrep der testiklane eller eggstokkane vert fjerna eller øydelagde. Kastrering av hannhundar er eit relativt enkelt inngrep, medan kastrering av tispe er ein større operasjon. Alle kirurgiske inngrep utset hunden for belastningar og potensielle komplikasjonar, mellom anna i form av smerte, bløding og infeksjon.

Fjerning av både eggstokkar eller testiklar medfører at hunden ikkje lenger produserer kjønnshormon. Dette kan påverke helsa og velferda til hunden både positivt og negativt. Inkontinens (urinlekkasje) og fedme er nokre kjende biverknadar. Mange hundar endrar også åtferd etter kastrering.

Når er kastrering av hund lovleg?

I Norge er det berre lov å kastrere hundar når det er nødvendig ut frå omsynet til den enkelte hunden si helse eller velferd, eller dersom andre særlege grunnar gjer det nødvendig.

Kreft i ein testikkel og livmorbetennelse er typiske døme på at kastrering er tillate av omsyn til hunden si helse. Kastrering kan også inngå i behandlinga av andre sjukdommar, til dømes diabetes hos tispe. Ein kryptorkid testikkel ligg i bukhola til hunden. Dette er ein unormal tilstand som gjer blant anna testikkelen meir utsett for kreft. Det må difor reknast som tillate etter lova å fjerne den kryptorkide testikkelen.

I nokre tilfelle kan kastrering gi hunden betre velferd. Det kan til dømes gjelde tisper som er plaga av innbilt svangerskap eller store humørsvingingar gjennom brunstsyklusen. Nokre hannhundar er plaga av unormalt høg kjønnsdrift, som gir langvarig frustrasjon, vekttap eller andre problem. I slike tilfelle kan kastrering vere lovleg, fordi inngrepet gir ein velferdsgevinst for hunden som overgår ulempene.

Kastrering mot åtferdsproblem

Mange ønskjer å kastrere hunden for å løysa åtferdsproblem. Uønskt åtferd kan vere ein «særleg grunn» dersom åtferda er eit reelt problem for eigaren, omgjevnadane eller hunden sjølv, og problemet ikkje lar seg løysa på annan måte.

Vanleg løpetidsåtferd hos både tisper og hannhundar er likevel føreseielege og normale reaksjonar som ein må ta med i vurderinga før ein vel å skaffe seg ein hund. Ulempene som følgjer med denne normale åtferda, kan difor ikkje reknast som ein "særskild grunn" i vanleg hundehald.

Dersom hunden skal nyttast til spesielle oppgåver, er kastrering ofte nødvendig for at hunden skal kunne fungere godt nok i sin viktige jobb. Førarhundar og visse andre tenestehundar er typiske døme på at kastrering er tillate av "andre særskilde grunnar".

Det er berre når hunden si problemåtferd kjem av påverknad frå kjønnshormon at kastrering vil vere eit effektivt tiltak. Problematisk åtferd har ofte andre årsaker enn kjønnsdrift. Aggresjon eller utfall mot andre hundar kan til dømes kome av at hunden er engsteleg eller usikker. I slike tilfelle vil ikkje kastrering hjelpe på problemet. Tvert imot kan problemåtferda bli verre, eller det kan oppstå nye problem.

Ofte er den beste måten å behandle problemåtferd på å få hjelp til å trene hunden til å endre åtferd. Viss du ønskjer å få hunden din kastrert, må du forsikre deg om at dette er den rette behandlinga av problemet, og at hunden din vil få eit betre liv etter inngrepet. Dette kan veterinæren og andre personar med fagleg kunnskap om temaet (åtferdsterapeutar) gi deg råd om. Veterinæren har ikkje lov til å kastrere hunden din viss han/hun ikkje kan godtgjere ut frå ein veterinærfagleg vurdering at inngrepet fell inn under eit av dei tre kriteria: helse, dyrevelferd og særskild grunn.