Til hovedinnhold

Sikring av katt i bil

Katter som skal vere med på biltur, må sikrast.

Publisert

Katter bør ikkje vere lause i bil. Det er ikkje trygt, verken for katta, sjåføren eller passasjerane. Katta kan bli slengd fram og ut i ein bråstopp, og i verste fall skade både seg sjølv og andre.

Dette gjer du

  • Venn katta gradvis til å vere med i bil. Start med korte turar når ho er lita.
  • Sikre katta i eit solid transportbur. Slike bur er tronge for at katta ikkje skal bli skada ved bevegelse.
  • Plasser transportburet trygt, og sikre det slik at det ikkje sleng rundt ved bråstopp.
  • Gi gjerne katta eit sklisikkert underlag. Det gir ho betre følelse av kontroll.
  • Ta pausar viss du køyrer langt. Katta treng å lufte seg og tisse med jamne mellomrom.
  • Bruk gjerne sele når du lufter katta på turen. Ho kan raskt stikke av, særleg viss ho misliker å køyre bil.