Til privatpraktiserande veterinærar om kjæledyr som kjem med flyktningar frå Ukraina

Her finn du informasjon om kva reglar som gjeld frå 1. juli 2023.

Fagleg gjennomgått

Fram til 1. juli 2023 blei det gitt ei rekke unntak frå regelverket for innførsel av kjæledyr for at menneske på flukt frå Ukraina skulle kunne ta med seg kjæledyra sine til Noreg. Denne unntaksordninga blei  seinare avslutta, og frå og med 1. juli 2023 gjeld ordinære regelverkskrav for desse dyra.

Slutt på unntaksordning frå 1. juli

Ukrainske kjæledyr som kjem til Noreg frå og med 1. juli 2023 skal oppfylle regelverkskrava som gjeld for ikkje-kommersiell innførsel av kjæledyr frå ikkje-listeført tredjeland. Dette vil bli kontrollert og følgt opp av Mattilsynets veterinærar.