Slik kan du avlive produksjonsdyr utanfor slakteri
Det er ulike reglar for ulike artar, og kva metodar som er tillatne, kjem også an av kva som er grunnen til at dyret må bli avliva (rutinemessig avliving, avliving av sjuke dyr, nødavliving i akutte og alvorlege situasjonar, sanering ved sjukdomsutbrot).
I kva situasjonar er det behov for å avlive dyr utanfor slakteri?
Rutinemessig avliving av dyr
I nokre typar produksjon skal berre enkelte av dyra nyttast i produksjonen. For eksempel er det vanleg i mjølkegeitbesetningar at nyfødde bukkekje blir avliva rutinemessig. Ved oppal av eggproduserande høns blir hanekyllingar avliva rutinemessig. Ein annan type rutinemessig avliving er avliving av pelsdyr i samband med pelsing.
Nødavliving i akutte og alvorlege situasjonar
I nokre situasjonar kan omsynet til velferda til dyret tilseie at dyret må avlivast straks. Dette kan for eksempel vere dyr som er skadde etter trafikkulykke, naturkatastrofe, ulykke på beite, brann eller liknande.
Avliving av sjuke/skadde dyr
Avliving av sjuke/skadde dyr der det ikkje er nødvendig å avlive straks for å vareta velferda til dyret. Det er fullt føreseieleg at enkeltdyr i eit dyrehald kan bli sjuke eller skadde. Viss behandling ikkje er aktuelt, eller ikkje har ført fram, må dyret avlivast.
Smittsam dyresjukdom
Det kan vere behov for avliving av dyr i samband med sanering av smittsam dyresjukdom.
Kva metodar kan nyttast?
Forskrift om avliving av dyr implementerer avlivingsforordninga. Vedlegg I kapittel I i forordninga beskriv tillatne metodar for bedøving og avliving. I tillegg gjeld nasjonale reglar for avliving utanfor slakteri, under dette at dyr skal bli blødde av (jamfør kapittel IV i forskrifta).
Kravet om avbløding gjeld med unntak for særskilt beskrivne situasjonar (jamfør § 20).
Ved nødavliving skal avlivinga skje så skånsamt som mogleg, med dei hjelpemidla ein har tilgjengeleg. Det er altså ikkje avgrensa til å nytte dei metodane som er beskrivne i forskrift om avliving av dyr.
I tilfelle av sanering av smittsam sjukdom, der avlivinga blir overvakt eller gjennomført i regi av Mattilsynet, kan Mattilsynet gjere unntak frå krava i forskrift om avliving av dyr, under dette kva metodar som kan nyttast. For eksempel kan avliving bli gjennomført ved bruk av ryggmergstøytar etter bedøving med penetrerande bolt for dei artane dette er aktuelt for.
For avliving i andre situasjonar gjeld avgrensingar i metode slik det er beskrive i forskrift om avliving av dyr. Sjå likevel neste avsnitt om avliving ved skot med hagle.
Særleg om avliving av dyr ved skot med hagle
Inntil det er vurdert endringar i regelverket, blir det akseptert at dyr som blir skotne i hovudet med hagle på kloss hald, ikkje blir avblødde.
Følgande vilkår gjeld i tilfelle der dyr blir avliva med skot med hagle, utan å bli avblødde:
- Skotavstand skal vere maksimum 25 cm.
- Skotet skal plasserast i panna til dyret, og ein siktar med retning langs nakken mot kroppen.
- Tilrådd kaliber er 12, 16 eller 20, med haglstorleik 2,5 mm (NO6) eller større.
- Ein må kontrollere at dyret er dødt, før ein forlet det. Desse teikna skal vere oppfylte:
- slapp muskulatur
- ingen respirasjon
- ingen rørsler eller lydar frå dyret
- forstørra pupillar
- ingen reaksjon ved berøring av augeeplet
- ingen respons ved klyping i øyre eller nasebor
På nettsidene til Humane Slaughter Association (hsa.org.uk) finn du informasjon som viser at eit skot med hagle på kort hald gir alvorleg skade på eit område med lengde på 12–15 cm.
Rettleiing
Les meir i rettleiinga Veileder om nødslakt.