Til hovedinnhold

Forbod mot piggtrådgjerde

Det er forbode å sette opp nye piggtrådgjerde for å regulere ferdselen til dyr.

Publisert
  • Det er forbode å sette opp nye piggtrådgjerde for å regulere ferdselen til dyr. 
  • Ved vedlikehald av eldre gjerde skal det ikkje nyttast piggtråd. 
  • Eldre piggtrådgjerde som opplagt er farlege for dyr, skal fjernast.

Den ansvarlege for eit gjerde skal sørge for vedlikehald, sikring og ei eventuell fjerning av gjerdet. Den ansvarlege vil vanlegvis vere grunneigaren.

Sjå retningslina til Mattilsynet om tilsyn med piggtråd

Elektriske nettinggjerde

Elektriske nettinggjerde med tynne plast- eller glassfiberstolpar vert selt i rullar. Mattilsynet har sett fleire høve der særleg sauer og lam har sett seg fast i slik gjerde, ofte med fatalt utfall.

Ein del hytteeigarar nyttar slike gjerde for å halde sau borte frå terrassar og plen på eigedomen. Elektrisk nettinggjerde er meint å vere tilkopla straum. Utan straum er desse gjerda ei felle og fangar dyr på tilsvarande måte som fisk vert fanga av fiskegarn. Det er difor svært viktig at elektriske gjerde vert brukt med straum og under dagleg tilsyn. Det er ikkje forsvarleg å bruke slike gjerde utan straum. Til bruk kring hytter er dei difor i praksis ueigna.

Oppfølging frå Mattilsynet

Mattilsynet kan gi den ansvarlege for eit farleg gjerde pålegg om nødvendige tiltak. Dersom pålegg ikkje blir etterkome, kan Mattilsynet sjølv iverksette tiltak.

Regelverk

Dyrevelferdsloven

§ 15. Bygninger, gjerder og andre mindre innretninger

Bygninger, gjerder og andre mindre innretninger skal utføres eller oppføres og holdes ved like slik at dyr ikke utsettes for fare for unødige påkjenninger og belastninger. Det skal ikke brukes piggtråd i gjerde for å regulere dyrs ferdsel.
Den som er ansvarlig for bygningen, gjerdet og innretningen, skal føre nødvendig tilsyn med disse og gjennomføre nødvendige tiltak for å kunne oppdage, forebygge og avhjelpe fare for unødige påkjenninger og belastninger.
Kongen kan gi nærmere forskrifter om bygninger, gjerder o.l., herunder om forbud mot og fjerning av slike, samt om unntak fra forbudet mot å bruke piggtråd i gjerde.
Se heile lova

Kilde: Lovdata.no

Anna lovverk

Av loverk som ikkje Mattilsynet forvaltar, har grannegjerdelova òg krav om at gjerde ikkje skal vere farlege for dyr, og at farlege gjerderestar skal fjernast. Nokre kommunar har forbod mot piggtråd som omfattar dei eldre gjerda.  Kommunale reguleringsplanar for hyttefelt har òg ofte reglar om gjerde.