Journal over helseopplysingar
Har du eit næringsretta dyrehald, skal du føre journal over helseopplysingar.
Du skal føre journal over førebyggande behandling, sjukdomsbehandlingar og dødsfall.
Du kan velje sjølv kva form denne journalen skal ha, og om han skal vere elektronisk eller på papir. Journalen må uansett vere lett tilgjengeleg for veterinæren, og for Mattilsynet når vi kjem på tilsyn.
All bruk av legemiddel til dyr, også førebyggande behandling, som for eksempel vaksinar og behandling mot lus, skal skrivast inn i journalen.
Det må stå
- kva dyr som er behandla
- kva preparat som er brukt
- tilbakehaldingstid
- kva veterinær som har gitt behandlinga, eller om det er eigenbehandling.
- informasjon om dyr som døyr eller blir avliva, individnummer eller anna beskriving av dyret, og moglege årsaker til at dei døyr eller blir avliva
I tillegg må du spesifisere konkrete sjukdommar og skadar og moglege årsaker, i tillegg til eventuell behandling og førebyggande helsearbeid.
Har du sauer, kan bruke Animalia sitt forslag til helsekort for sau (animalia.no).