Dyrevelferd i svineproduksjon

Mattilsynet held fram med å følge opp resultata frå svinekampanjen som vi gjennomførte i 2021 og 2022.

Publisert

Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2025?

Resultata frå svinekampanjen viste at det var for stor grad av regelbrot i norsk svineproduksjon. Som ei oppfølging av desse funna, prioriterer Mattilsynet framleis dyrevelferd i svineproduksjon høgt.

Mattilsynets nasjonale tilsynskampanje for svin 2021-2022

Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?  

Under svinekampanjen gjennomførte vi tilsyn i smågrisproduksjon og slaktegrisproduksjon. I år prioriterer vi tilsyn i kombinertbesetningar, og skal gjennomføre tilsyn i 90 slike besetningar.

Vi prioriterer å kontrollere dei krava vi oftast fann brot på i svinekampanjen. Eksempel på dette er krav som gjeld behandling av sjuke og skadde dyr, bruk av rotemateriale og tildeling av strø og vatn.

Kva betyr dette for deg, og kva kan du forvente?   

Som hovudregel vil våre tilsyn vere uvarsla.

I tillegg til å kontrollere dyrevelferdskrav, vil vi også kontrollere krav til smittevern.

I nokre tilfelle vil vi også kombinere tilsyn med dyrevelferd med uttak av prøver i tråd med igangverande overvakingsprogram. 

temasida for svin kan du lese meir om både smittevern og dyrevelferd i svinehald.