Tilsyn med dyrevelferd i slakterier 2025
Rett bedøving og avliving av dyr er kritisk når det gjeld god dyrevelferd, og konsekvensane kan vere alvorlege dersom prosessane ikkje blir gjennomførte på rett måte og i tråd med krava i regelverket.
Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2025?
Regelverket for avliving av dyr på slakteri er omfattande, og det inneheld vesentlege krav om prosedyrar og rutinar i slakteri. Systema og rutinane skal sikre akseptabel velferd for dyr under oppstalling og i sjølve avlivingsprosessen, og dei skal gjere slakteriet i stand til å oppdage eventuelle feil og manglar som må rettast opp.
Mattilsynet er til stades i slakteria når det blir slakta, og har derfor godt høve til å oppdage feil som oppstår. Men, vi har i mindre grad gjort systematiske gjennomgangar og vurderingar av om systema og rutinane til slakteria samla sett er eigna til å sikre god dyrevelferd og å fange opp og handtere eventuelle feil eller manglar.
I nokre slakteri har vi også oppdaga manglar i system og rutinar i samband med revisjonar frå ESA (EFTA Surveillance Authority), som er den ansvarlege myndigheita som fører tilsyn med at Noreg overheld forpliktingane sine i samsvar med EØS-avtalen.
Praktisk talt alle matproduserande dyr blir slakta på slakteri, og konsekvensane av feil er dermed store fordi mange dyr kan utsettast for lidingar.
Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?
I 2024 prioriterte vi offentleg kontroll i form av revisjonar i slakteri. Denne prioriteringa held fram inn i 2025.
Hovudmålet med revisjonane er å kontrollere at rutinar og system inneheld nødvendige element, at rutinane blir etterlevde og at avvik blir følgde opp på formålstenleg måte.
Mattilsynet har laga jobbstøttedokument til inspektørane våre. Desse dokumenta inneheld både rettleiing i form av regelverkstolkingar og beskrivingar av korleis offentleg kontroll med krava skal gjennomførast. Vi har prioritert emne som inkluderer dei nemnde krava om rutinar og system, fordi desse er heilt vesentlege for å sikre eit systematisk og kontinuerleg arbeid med dyrevelferd i slakteri.
Rettleiingsmateriell
Mykje av innhaldet i desse dokumenta er sjølvsagt også relevant for verksemdene, og dei er derfor publiserte på nettsidene våre.
- Om standardiserte framgangsmåtar og vedlikehald av fikserings- og bedøvingsutstyr
- Om registrering av parametrar for visse typar bedøvingsutstyr
- Om systematisk bedøvingskontroll
- Om utstyr og innreiing i slakteri
- Om kompetansebevis for personell som handterer levande dyr i slakteri
Kva betyr det for deg, og kva kan du/verksemda di forvente?
Dersom Mattilsynet skal gjennomføre revisjon i verksemda di, får du varsel og informasjon om dette i god tid.
Her kan du sjå tilsynsmalen vi vil bruke på desse revisjonane:
Relevante lenkjer
Rapporten etter ESAs revisjon på området slakting av dyr i 2021 (eftasurv.int)