Til hovedinnhold

Mink og koronavirus

Du må melde frå viss du held mink og mistenker utbrot av koronavirus på dyra dine.

Publisert

Mistanke om smitte er meldepliktig

Mistanke om infeksjon med SARS-CoV-2 (covid-19) hos mink er meldepliktig i Noreg. Viss mink har symptom på infeksjon med koronavirus, ta kontakt med veterinær og Mattilsynet. Mattilsynet overvakar no dyrehelsa hos mink i samarbeid med Veterinærinstitutttet og Norges Pelsdyralslag.

Symptom hos mink

Symptom på koronainfeksjon hos mink er diaré, oppkast eller luftvegssymptom som ikkje kan tilskrivast ein annan årsak.

Sjå spesielt etter dei følgande symptoma:

  • diaré og oppkast
  • forsert eller anstrengt respirasjon
  • respirasjon med open munn
  • vandig utflod frå nasen
  • rennande auge
  • at dyret verkar nedstemt eller sløvt

I tillegg til desse symptoma kan SARS-CoV-2 hos mink føre til auka dødelegheit i farmen.

Tiltak ved påvist koronasmitte på mink

Korleis ein eventuelt vil handtere eit smittetilfelle i ein minkfarm i Norge, vil bli vurdert utfrå både dyre- og folkehelsemessige perspektiv. Informasjonen og erfaringane frå andre land vil vere ein del av kunnskapsgrunnlaget.

Regelverk

Kommisjonens gjennomføringsbeslutning (EU) 2021/788 av 12. mai 2021 om regler for overvåking av og rapportering om infeksjon med SARS-CoV-2 hos visse dyrearter