Til hovedinnhold

Pre-eksportsertifikat for fisk og sjømat til EU/EØS

Gjennom EØS-avtalen er Noreg harmonisert med EU på matområdet. Det er dermed dokumentfri handel mellom Noreg og EU/EØS. Nokre EU/EØS-land krev likevel pre-eksportsertifikat for fisk og sjømat frå Noreg som skal lagrast eller tilverkast i EU/EØS.

Publisert

Pre-eksportsertifikatet brukast av EU/EØS-landet som underlagsdokument når dei skriv ut sine eigne sertifikatformular. Pre-eksportsertifikat er særleg aktuelt når endeleg importland utanfor EU/EØS har særkrav til varene som er strengare enn vårt regelverk.

Helsesertifikat

Du kan søke om sertifikatet direkte i Mattilsynet sine skjematenester. Det har ikkje førehandsmelding.

EU/EØS-landet kan krevje eit pre-eksportsertifikat som garanterer for spesifikke særkrav. Da kan du søke om sertifikatet til det endelege importlandet i staden for 3.1.17 EU, pre-eksportattest. Dersom dette sertifikatet har førehandsmelding, må denne godkjennast før sertifikatet kan utstedes. I førehandsmeldinga oppgjer du sertifikatmalen til det endelege importlandet, for å sikre at landet sine særkrav blir vurdert i behandlinga av førehandsmeldinga.

Dersom varene skal lagrast midlertidig, skal fysisk mottakar i EU/EØS fyllast inn i sertifikatet. For varer som skal tilverkast i EU/EØS, skal du ha følgande tekst i feltet Place of destination: "Sted, Land i EU/EØS] for further processing before export to [land]".

Eksportøren er sjølv pliktig til å kontrollere at sertifikatet blir skrive ut på varer frå verksemder som har godkjenning til det endelege importlandet.