Til hovedinnhold

Brønnbåtar: Vask og desinfeksjon ved kippkøyring

I det nye dyrehelseregelverket er det krav om at fartøy og køyretøy som transporterer levande fisk eller andre akvatiske dyr til akvakultur, skal vaskast og desinfiserast mellom kvar sending.

Publisert

Fleire transportar innanfor eit kort tidsrom frå eitt settefiskanlegg til eitt mottaksanlegg kan reknast som ei sending dersom det er kort avstand mellom anlegga, og det blir sett i verk nødvendige tiltak for å hindre spreiing av smitte under lasting frå båt til settefiskanlegget.

Det kan også reknast som ei sending når det blir transportert fisk på fleire turar mellom eitt matfiskanlegg og eitt slakteri/slaktemerdanlegg. I slike tilfelle må det ikkje stå fisk frå andre matfiskanlegg i slaktemerd, eller lossast fisk frå andre anlegg samtidig.

Regelverk

Akvabiosikkerhetsforskriften