Til hovedinnhold

Ikkje karantenetid for bløggebåtar brukt i nasjonal PD-sone før oppdrag utanfor sona, når visse vilkår er oppfylt

Det blir ikkje pålagt karantene for ein bløggebåt etter bløgging og transport av fisk frå akvakulturanlegg med mistanke om eller påvist PD, direkte til slakteri ved direkte overgang til oppdrag utanfor nasjonal PD-sone. 

Publisert

Dette føreset at ein kan dokumentere velfungerande løysingar for effektiv vask og desinfeksjon, med gode internkontrollrutinar. 

Dette gjeld spesialdesigna bløggebåtar som berre blir brukte til transport av bløgga fisk i lukka tankar. Slike båtar behandlar ikkje blodvatn ombord, men leverer dette til slakteriet saman med fisken.    

Bakgrunn i viktig klagesakvedtak 

I 2021 avgjorde Mattilsynets klagesakeining ei prinsipielt viktig klagesak som får noko å seie for framtidige like saker. 

Klagesaka gjaldt om  bløggebåt som hadde transportert fisk frå eit anlegg med PD mistanke i nasjonal PD-sone, før overgang til oppdrag utanfor den nasjonale PD-sona skulle påleggjast 48 timars karantene.

Bløggebåtar lite brukt då PD-forskrifta vart vedteken 

Tidlegare har praksis vore å setje vilkår om 48-timars karantene etter bløgging og transport av fisk frå akvakulturanlegg med mistanke om eller påvist PD direkte til slakteri, før bløggebåtar går direkte til oppdrag utanfor nasjonal PD-sone. 

Då PD-forskrifta kom i 2017 var bruken av bløggebåtar lite utbreidd. Bløggebåtar har gjort det mogleg å flytte delar av slakteprosessen ut av dei landbaserte slakteria og over til spesialkonstruerte fartøy, som mogleggjer at slaktinga kan starte allereie ved merdkanten.  

Mattilsynet vurdering og konklusjon 

I klagesaka som gjaldt bløgging og transport av fisk frå akvakulturanlegg med mistanke om PD direkte til slakteri, baserte Mattilsynets klagesakeining seg på ein teknisk gjennomgang av båten, innsyn i prosedyrar for biotryggleik og internkontroll, og dessutan inspeksjon av fartøyet. 

Klagesaka dreier seg om eit spesialdesignet bløggebåt som berre blir brukt til transport av bløgga fisk i lukka tankar. Båten behandlar ikkje blodvatn ombord, men leverer dette til slakteriet saman med fisken.    

I klagesaka har Mattilsynet komme til at det avgjerande for ikkje å påleggje karantene for ein bløggebåt etter bløgging og transport av fisk frå akvakulturanlegg med mistanke om eller påvist PD direkte til slakteri, ved direkte overgang til oppdrag utanfor nasjonal PD-sone, er at ein kan dokumentere velfungerande løysingar for effektiv vask og desinfeksjon, med gode internkontrollrutinar. 

Med slike rutinar, vil vilkår om 48 timars karantene for denne typen spesialfartøy ikkje vere nødvendig framover. 

Ved direkte overgang til oppdrag utanfor PD-sona skal det påleggjast : 

  • Tilfredsstillande vask og desinfeksjon av laste- og lossesonene til båten, med alt tilhøyrande utstyr og alle kontaktpunkt som kan utgjere ein smittemessig risiko. Det skal også gjennomførast vask og desinfeksjon av skrog eit stykke over vasslinja (området som utgjer forskjell i fribord mellom fullasta og tom båt) rundt båten. 

  • Gjennomført vask og desinfeksjon skal vere attestert av veterinær eller fiskehelsebiolog.