Slik varsler du om listeført sykdom hos oppdrettsfisk og andre akvakulturdyr

Du har varslingsplikt dersom du jobber i oppdrettsselskap, i fiskehelsetjeneste, på Veterinærinstituttet, på Havforskningsinstituttet, andre laboratorier, ved slakteri, med transport av fisk og andre fartøy i kontakt med fisk.

Varsle Mattilsynet

Få tilfelle i Noreg

Sjukdommen blei først funne på stor oppdrettstorsk på Vestlandet i 2004, men er seinare funnen på fisk av ulik størrelse heilt opp til Nordland. I 2012 blei det avdekka to tilfelle av francisellose, begge på Vestlandet. Sjukdommen er tidlegare registrert på villfisk.

Om sjukdommen

Sjukdommen er ein liste 3 sjukdom. Francisellose kan gi høg dødelegheit og er eit betydeleg problem for torskeoppdrettsnæringa.

Symptom

Typiske kliniske teikn på sjukdommen er at fisken har lyse betennelsesknutar (granulom) på indre organ og i muskulatur.

Korleis smittar sjukdommen?

Auka dødelegheit og smittepress ser ein helst ved høge temperaturar i sjøen. Sjukdommen er svært smittsam ved temperaturar over 14 grader Celsius i sjøen. Viktige førebyggande tiltak er å unngå stress for fisken, screening av stamfisk, rogn, yngel (før sjøsetting), raskt uttak av død fisk og å unngå områder med høgt smittepress.