Infeksiøs hematopoetisk nekrose (IHN)

Infeksiøs hematopoetisk nekrose er ei samnemning for fleire alvorlege og smittsame virusinfeksjonar som kan ramme regnbogeaure og annan laksefisk.

Abonner på nyheitsbrev

IHN aldri påvist i Noreg

Restriksjonar i form av vedtak frå Mattilsynet om utslakting eller destruksjon og brakklegging vil vere aktuelle ved mistanke om eller diagnose av IHN. 

Slik varsler du om listeført sykdom hos oppdrettsfisk og andre akvakulturdyr

Du har varslingsplikt dersom du jobber i oppdrettsselskap, i fiskehelsetjeneste, på Veterinærinstituttet, på Havforskningsinstituttet, andre laboratorier, ved slakteri, med transport av fisk og andre fartøy i kontakt med fisk.

Varsle Mattilsynet

Om sjukdommen

Dette er ein liste 2-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om IHN skal straks meldast til Mattilsynet.

 

Symptomer

Namnet IHN har samanheng med at sjuk fisk gjerne er karakterisert ved omfattande celledød i bloddannande vev. Viktige kliniske teikn er i første omgang ofte nervøs og uroleg fisk som etter kvart blir sløv. Auga blir utståande med blødningar omkring (auga) i hud og muskulatur. Buken kan vere utspilt med væske.  

Hvordan smitter sykdommen?

IHN kjem av eit Rhabdovirus og har først og fremst vore eit problem i ferksvannsoppdrett med yngel og settefisk av regnbogeaure, men det finnest og tilfelle med funn på atlantisk laks i sjøen.