Koi herpesvirus (KHV)

Koi herpesvirus angrip karpefisk og er tilnærma 100 prosent dødeleg for fisken. 

Abonner på nyheitsbrev

Slik varsler du om listeført sykdom hos oppdrettsfisk og andre akvakulturdyr

Du har varslingsplikt dersom du jobber i oppdrettsselskap, i fiskehelsetjeneste, på Veterinærinstituttet, på Havforskningsinstituttet, andre laboratorier, ved slakteri, med transport av fisk og andre fartøy i kontakt med fisk.

Varsle Mattilsynet

Tidlegare påvist i Noreg

KHV vart først påvist hos importert koi i England i 1996. Viruset er svært smittsamt og har spreidd seg globalt, med unntak av Australia. Sjukdommen vart påvist i Sverige i 2007. I Noreg vart KHV første gong påvist i 2019 i ein privat, lukka hagedam. Herpesviruset er smittsamt blant karper, og representerer derfor i første rekkje ei problemstilling som er kun aktuell for zoobutikkar og akvariebransjen. 

Om sjukdommen

Sjukdommen er listeført som ikkje-eksotisk sjukdom etter forskrift om smittsame sjukdommar, akvatiske dyr. Mistanke om sjukdommen skal meldast til Mattilsynet.

Symptom

Typiske teikn på sjukdommen er skada vev på gjellene. Blødande gjeller, innsokne auge eller flekker på skinnet kan også førekomme.

Korleis smittar sjukdommen?

Herpesviruset er smittsamt blant karper og representerer derfor i første rekkje ei problemstilling for zoobutikkar og akvariebransjen.

Meir om sjukdommen

Informasjon hjå andre