Til hovedinnhold

Søknad om dispensasjon for automatisk luseteljing

Mattilsynet arbeider med å utvikle standardar for kvalifisering av ny teknologi som blir nytta for å telje lakselus.

Publisert

Sidan det vil ta ei viss tid før slik regulering er på plass, har vi gjort lettar i dispensasjonsordninga slik at ho ikkje utgjer ei større arbeidsbyrde enn nødvendig for oppdrettar, teknologileverandør eller Mattilsynet.

Dispensasjon på konsernnivå

For metodar som har vore nytta på dispensasjon i meir enn eitt år, har Mattilsynet opna for at søknad om dispensasjon for ein bestemd metode kan innvilgast samla for alle lokalitetar og produksjonseiningar innanfor same selskap.

Eit grunnleggjande vilkår for å få slik dispensasjon er at søkjar kan dokumentere at metoden oppfyller vilkåra i tidlegare dispensasjonar, mellom anna at fiskevelferd og teljemetoden er godt dokumentert.

For at Mattilsynet skal ha oversikt over teljesystema som til kvar tid blir nytta, må søkjar opprette ein kontaktperson som jamleg rapporterer kva lokalitetar som har automatisk luseteljingsutstyr. Søkjar får instruksjon om korleis dette skal utførast.

Rettleiar

Veileder for søknader om nye metoder for telling og rapportering av lakselus