Til hovudinnhald
  • The page is not available in English. Go to English homepage
  • Drikkevannsforsyning
  • Dyr
  • Alt om dyr og dyrehold
  • Dyrehelsepersonell
  • Dyrevelferd
  • Kjæledyr, konkurransedyr og hobbydyr
  • Produksjonsdyr
  • Dyrehelse og dyresykdommer
  • Forsøksdyr
  • Jakt og vilt
  • Fisk og akvakultur
  • Alt om fisk og akvakultur
  • Brønnbåt og annan transport
  • Fiskehelse og fiskesykdommer
  • Oppdrettsanlegg
  • Rensefisk
  • Slakting av fisk
  • Eksport av levende fisk med mer
  • Kosmetikk og kroppspleieprodukter
  • Mat og drikke
  • Alt om mat og drikke
  • Eksport av mat og drikke
  • Matproduksjon
  • Merking av mat
  • Salg og servering av mat
  • Smitte frå mat og drikke
  • Råd og advarsler til forbrukere
  • Startpakke for nye matbedrifter
  • Planter og dyrking
  • Alt om planter og dyrking
  • Tømmer, trelast og treemballasje
  • Plantevernmidler
  • Produksjon og omsetning
  • Økologisk landbruk
  • Planteskadegjørere
  • Gjødsel, jord og dyrkingsmedier
  • Plantesortar
  • Genmodifiserte produkter
  • Frø, såkorn og annet planteformeringsmateriale
  • Meld fra til Mattilsynet
  • Om Mattilsynet
  • Jobbe i Mattilsynet
  • Kontakt oss
  • Skjema
  • Regelverk
  • Godkjente virksomheter
  • Veiledere
  • The page is not available in English. Go to English homepage
    1. Heim
    2. Fisk og akvakultur
    3. Fiskehelse og fiskesykdommer
    4. Lakselus
    5. Kombinasjonsbehandlingar med ulike legemiddel mot lakselus må vere forsvarlege

    Kombinasjonsbehandlingar med ulike legemiddel mot lakselus må vere forsvarlege

    Sjølv om det ikkje er generelt forbod mot å kombinere ulike preparat mot lakselus, må den som føreskriv lege­middel, kunne vise at legemiddel­bruken er forsvarleg med omsyn til mat­tryggleik, dyrevelferd, effekt og miljø­påverknad.

    Publisert
    11.04.2016

    Behandlingseffekten mot lakselus er ikkje det einaste som avgjer om legemiddel­bruken er forsvarleg.

    Dyrehelsepersonell som føreskriv legemiddel i avvikande doseringar eller i kombinasjon med andre legemiddel, må også ha kunnskap og vurdere verknader og biverknader for mattryggleik, dyr og omkring­liggjande miljø.

    Kombinasjonar er ikkje del av godkjennings­prosessen og preparatomtalen

    I godkjenningsprosessen gjer Direktoratet for medisinske produkter ei brei vurdering der det blir teke omsyn til både mat­tryggleik, brukaromsyn, dyrevelferd, miljø og effekt.

    Bruk beskrive i preparatomtalen er godt dokumentert i godkjennings­prosessen og blir derfor rekna som forsvarleg.

    Direktoratet for medisinske produkter gjer ingen vurderingar av kombinasjonsbruk av lusemiddel. Kombinasjonsbruk blir heller ikkje omtalt i preparatomtalen.

    Må søkje løyve for forsøk og utprøving

    Vesentlege avvik frå preparat­omtalen eller kombinasjonar av lege­middel skal vere godt fagleg forankra. Personlege erfaringar frå uformelle utprøvingar er ikkje tilstrekkeleg.

    Dersom det ikkje finst annan dokumentasjon, må dyrehelse­personen vurdere å gjennomføre formelle forsøk for å kunne bruke det forsvarleg.

    Skal det gjennomførast forsøk og klinisk utprøving av legemiddel, må den ansvarlege søkje om løyve frå Mattilsynet og Direktoratet for medisinske produkt etter gjeldande regelverk.

    Tilsyn med fiskehelsepersonells føreskriving

    Utfordringane med lakselus i oppdrettsnæringa utfordrar også legemiddel­praksisen til dyrehelse­personellet. Bruk av ulike kombinasjonar av legemiddel er vanleg i oppdretts­næringa.

    Mattilsynet er særleg bekymra for om det blir lagt nok vekt på omsynet til omkring­liggjande miljø og dyrevelferd.

    Mattilsynet fører derfor tilsyn med dyrehelse­personell si føreskriving av legemiddel til fisk.

    Fann du det du leita etter?

    Om nettstedet

    Nyhetsbrev

    Personvern og informasjonskapsler

    Tilgjengelighetserklæringer

    Åpne data (API)

    Om Mattilsynet

    Kontakt oss

    Ledige stillinger

    Om oss

    Varsle oss