Til hovedinnhold

Lågare lakselusgrense om våren: teljing og handheving

For å verne den ville laksefisken når han vandrar ut frå elvane, er det sett krav til lågare lusegrenser i oppdrettsanlegga i ein periode om våren og forsommaren. I perioden er det også strengare krav til teljing av lakselus.

Publisert

Teljinga skal spegle lusesituasjonen

Teljing av lakselus er nødvendig for at oppdrettar skal ha kontroll på lusesituasjonen og kunne setje i verk førebyggjande tiltak i tide for å hindre at lusesituasjonen kjem ut av kontroll.

Tala frå luseteljinga er grunnlaget for Mattilsynet sin lakselusovervaking og -oppfølging.

Tala som oppdrettarane rapporterer blir dessutan brukt i modellane som estimere lakselussmitte både for villfisk og oppdrettsfisk i mellom anna i trafikklyssystemet.

Teljingane må derfor spegle den reelle lusesituasjonen i oppdrettsanlegget.

Minst 20 fisk frå alle merdar skal teljast kvar veke

Ved låge lusegrenser er det utfordringar knytt til moglege falske positive eller negative teljeresultat. Derfor er det sett eit minimumskrav om å telje minst 20 fisk frå alle merdar kvar veke i perioden med låge lusegrenser.

Dersom det er uvisse til om resultatet er representativt, bør utvalet av fisk i teljingane aukast.

Slik vurderer Mattilsynet teljeresultata

Mattilsynet legg følgjande praksis til grunn ved handheving av lusegrensa om våren og forsommaren.

Dersom det er talt og rapportert

  • eit gjennomsnitt på 0,3 vaksne holus eller høgare éin gong, blir dette handheva som eit reelt tal over 0,2.
  • eit gjennomsnitt mindre enn 0,3 vaksne holus ein eller to etterfølgjande gonger, blir dette handheva som eit reelt tal mindre enn 0,2.
  • eit gjennomsnitt mellom 0,2 og 0,3 vaksne holus tre etterfølgjande gonger, blir handheva som at det reelle talet er høgare enn 0,2 ved alle tre rapporterte teljingar.

Mattilsynet følgjer opp anlegg som ikkje overheld grensa

Mattilsynet overvaker lakselussituasjonen i alle anlegg, og følgjer særleg opp dei som har størst problem med å overhalde grensa.

Overskridingar i vårperioden er sentrale dersom Mattilsynet vurderer å mellombels redusere produksjonen på oppdrettsanlegg som har langvarige eller store lakselusproblem. Overskridingar om våren og forsommaren vil då vege tyngre enn overskridingar resten av året.

Aktuelle rapportar