Mattilsynets oppfølging av lakselusoverskridingar
Lakselus er ei av dei største utfordringane i norsk lakseoppdrett og utgjer risiko for både oppdrettsfisk og vill laksefisk. Lusegrensa er uendra, men Mattilsynet har endra korleis vi følger opp når grensa blir overskriden.
Vi reagerer ikkje lenger automatisk ved enkeltståande overskridingar. I staden overvaker vi lusetala løpande og set inn tiltak der situasjonen tilseier det.
Det betyr at forventinga til deg som oppdrettar er tydelegare: du skal handle på eige initiativ, ikkje vente på varsel frå oss.
Ditt ansvar som oppdrettar
Du har ansvar for å følge lusesituasjonen tett, rapportere korrekte lusetal kvar veke og arbeide førebyggande for å halde nivåa under lusegrensa.
Dersom grensa blir overskriden, skal du sette inn tiltak omgåande, utan å vente på varsel frå Mattilsynet.
Kva utløyser oppfølging frå Mattilsynet
Mattilsynet overvaker lusetala løpande.
Det som utløyser nærmare oppfølging, er gjentatte eller langvarige overskridingar, svært høge lusetal, eller situasjonar der lusesituasjonen gir velferdsmessige konsekvensar for fisken.
Manglande eller feil rapportering kan også utløyse oppfølging.
Kva oppfølginga kan innebere
Oppfølginga blir tilpassa situasjonen. Ved overskridingar som held fram eller gjentar seg, kan Mattilsynet gjennomføre tilsyn på lokaliteten, der vi kontrollerer fiskevelferd, behandlingstiltak og internkontroll.
Ved meir systematiske avvik kan vi gjennomføre ein systemrevisjon av verksemda.
Moglege konsekvensar ved alvorlege eller langvarige regelbrot
Vedvarande overskridingar kan påverke søknader om auka biomasse eller nye lokalitetar negativt. I alvorlege tilfelle kan Mattilsynet redusere kapasiteten til anlegget eller kalle tilbake godkjenninga.
Mattilsynet vurderer alltid heilskapen og historikken til verksemda, ikkje berre enkelthendingar. Du får alltid høve til å uttale deg før det gjerst vedtak.
Les meir: Mattilsynets oppfølging ved alvorlige og langvarige regelbrudd i akvakulturanlegg