Ver varsam med ferskvassbehandling mot lakselus
Gjentatte ferskvassbehandlingar kan auke lakselusa sin toleranse for ferskvatn.
Dette kan få konsekvensar både for oppdrettsfisk og villfisk. Oppdrettarar og dyrehelsepersonell må derfor bruke ferskvassbehandlingar med varsemd.
Lakselus vil truleg ikkje kunne reprodusere i reint ferskvatn, men forsøk har vist at gjenteken behandling av påfølgjande generasjonar av lakselus vil forsterke seleksjonseffekten, og det derfor ein betydeleg risiko for at toleransen aukar.
Når ein vel behandlingsmetode mot lakselus, må ein i tillegg til behandlingseffekt vurdere både effekt på fiskevelferd og risiko for miljøpåverknad og artsmangfald for å ha ein forsvarleg praksis.
Bakgrunn for rådet
Vitenskapelig råd for lakseforvaltning viser i sin rapport Klassifisering av tilstanden til sjøørret i 1279 vassdrag (2022) at
- under ein fjerdedel av dei 1251 vurderte vassdraga hadde sjøaure i god eller svært god tilstand
- tilstanden til nesten 40 prosent av sjøauren i dei vurderte vassdraga var klassifiserte som dårleg, svært dårleg eller tapt
- lakselus var den største negative påverknaden og ramma sjøaure i svært mange vassdrag over store delar av landet
For viltlevande sjøaure er periodevise opphald i vatn med lågt saltinnhald ein naturleg måte å redusere lusepåslag på. Dersom lakselus utviklar høgare toleranse for vatn med redusert salinitet, vil dette svekkje sjøauren si evne til naturleg avlusing og dermed påverke bestandane negativt. Risikoen gjeld òg utvandrande laks, sjølv om påverknaden truleg er noko mindre.
Ein livssyklus for lakselus varer om lag 67 dagar ved 10 °C. Høgare temperatur gjer at lakselusa formeirar seg raskare. Lokalitetar som ligg nær kvarandre, kan dele den same lusepopulasjonen. Derfor er det viktig å ha oversikt over kva behandlingsmetodar nabolokalitetane bruker. Slik kan ein velje ei behandling som reduserer risikoen for at påfølgjande generasjon lakselus blir behandla med same metode.
Behov for kunnskap og forsvarleg bruk
Det er viktig med god og oppdatert kunnskap slik at dyrehelsepersonell kan sikre forsvarleg bruk av ferskvassbehandling. Dersom lakselus viser teikn til auka toleranse ved behandling med ferskvatn, skal ikkje metoden brukast. Ferskvassbehandling føreset nøye overvaking av behandlingseffekt og eventuelle endringar i lusetoleranse.
Faglege risikovurderingar
Risikovurderingar frå Veterinærinstituttet, NMBU, Universitetet i Bergen / Sea Lice Research Centre og Havforskingsinstituttet, utarbeidde på oppdrag frå Mattilsynet, viser at
- lakselus truleg ikkje vil kunne reprodusere i reint ferskvatn
- bruk av ferskvatn på lakselus i to påfølgjande generasjonar vil kunne auke risikoen for høgare toleranse for vatn med redusert saltinnhald
- det er sannsynleg at seleksjon gjennom auka bruk av ferskvassbehandling kan endre toleransen i populasjonen, slik at fleire lakselus toler redusert saltinnhald over lengre tid
For sjøaure og røye kan dette føre til
- redusert moglegheit for naturleg avlusing
- høgare lusepåslag
- negativ påverknad på bestandane dersom problemet blir omfattande
Kunnskapen om langtidseffektar av gjentekne ferskvassbehandlingar er dessverre framleis avgrensa. Det er eit behov for vidare kunnskapsinnhenting på bruken av ferskvatn som behandlingsmetode.
Les rapportane:
Risikovurdering knyttet til bruk av ferskvann i behandling av laks i oppdrettsnæringen 2015 (PDF)
Risikovurdering knyttet til bruk av ferskvann i behandling av laks i oppdrettsnæringen 2017 (PDF)
Risikovurdering knyttet til bruk av ferskvann i behandling av laks i oppdrettsnæringen 2023 (PDF)
Veterinærinstituttet undersøkte frå 2019 til 2023 toleranse hos lakselus mot ferskvatn. I nokre år har overvakinga vist tendensar til høgare ferskvasstoleranse i områda med høgare bruk av ferskvassbehandlingar, medan overvakinga frå 2022 ikkje viste ein slik samanheng.
Les meir:
Resistens hos lakselus (vetinst.no)
Veileder om dyrehelsepersonell og bruk av ikke-medikamentelle avlusingsmetoder (IMM)