Rettleiing rapportering av lakselus
Oppdrettarar skal rapportere lakselusdata kvar veke til Mattilsynet, og seinast i løpet av tysdagen i den etterfølgjande veka. Rapporteringa skjer elektronisk via Altinn eller maskinelt gjennom Mattilsynets API.
Her finn du rapporteringsskjema og API-dokumentasjon
Det nye skjemaet for rapportering av lakselusdata finn du på Altinn. Det heiter "Vekentleg rapportering av lakselus" (eller "Ukentlig rapportering lakselus" om språkvalet ditt i Altinn er bokmål).
For dei som ønskjer å rapportere maskinelt, finn ein meir utfyllande dokumentasjon på sida Maskinell innrapportering av rapporter og API-dokumentasjonen.
Rapporteringa omfattar:
- selskapsinformasjon og kontaktinformasjon til personen som sender inn skjema
- vekenummer
- opplysingar om sjøtemperatur, snitt talet på lakselus frå alle merdar i anlegget, sensitivitet og mistanke om resistens, type behandling mot lakselus, verkestoff, mengde og styrke dersom medikamentell behandling
Slik rapporterer du behandling mot lakselus
Rapporteringsskjema skil mellom enkeltbehandlingar og kombinasjonsbehandlingar.
Enkeltbehandlingar kan bestå av medikamentelle behandlingar eller ikkje-medikamentelle behandlingar, mens kombinasjonsbehandlingar kan bestå av begge to. Du kan melde fleire enkelt- og kombinasjonsbehandlingar.
For medikamentelle behandlingar må du oppgi verkestoff, styrke og mengde. For behandling som ikkje nyttar legemiddel, treng du ikkje å oppgi noko verkestoff.
Dersom behandlinga di ikkje finst i lista av behandlingar i skjemaet, vel du "anna behandling". Vel om behandling er medikamentell eller ikkje, og beskriv ho.
Bruk av "anna behandling" for medikamentell behandling skal berre brukast ved spesielle tilfelle der badebehandling eller fôrbehandling ikkje er beskrivande.
Behandlingar må registrerast i kvar veke dei blir gjennomførte. Det vil seie at gjennomfører du ei behandling over to veker, må du rapportere det i begge vekene.
Rapportering på nytt
Lakselusrapporteringa legg til grunn at kvar enkeltståande innrapportering er fullstendig.
Dersom du oppdagar ein feil i ei tidlegare rapportering, til dømes feil i lusetal eller manglande rapporterte behandlingar, må du melde inn heile skjemaet for den relevante veka på nytt.
Det nyaste rapporterte skjemaet blir lagt til grunn, uavhengig av veka det er rapportert inn for.
Badebehandling
Ved registrering av badebehandling kan du velje mellom legemiddel.
Brukte du eit legemiddel som ikkje finst i lista i skjemaet, må du velje "Anna" og oppgi verkestoffet. Dette alternativet skal berre brukast ved spesielle tilfelle, til dømes når legemiddelet har godkjenningsfritak. Bruk beskrivingsfeltet for å oppgi verkestoff, mengde og styrke.
Vatn er ikkje eit legemiddel, og bruk av vatn – ferskvatn eller oppvarma sjøvatn – fell ikkje inn under definisjonen av medikamentell badebehandling. Derfor skal bruk av vatn rapporterast som vassbehandling, og ikkje anna verkemiddel.
Teksten i beskriving er fritekst og er berre synleg for saksbehandlarar i Mattilsynet. Han blir ikkje vist i kartløysinga BarentsWatch Fiskehelse (barentswatch.no).
Fôrbehandling
Når du registrerer, kan du velje mellom legemiddel.
Dersom du brukte eit legemiddel som ikkje finst i lista i skjemaet, må du velje "Anna" og oppgi verkestoffet. Dette alternativet skal berre brukast ved spesielle tilfelle, til dømes når legemiddelet har godkjenningsfritak. Bruk beskrivingsfeltet for å oppgi verkestoff, mengde og styrke.
Teksten i beskriving er fritekst og er berre synleg for saksbehandlarar i Mattilsynet. Han blir ikkje vist i kartløysinga BarentsWatch Fiskehelse (barentswatch.no).
Ikkje-medikamentelle metodar
For å rapportere bruk av avlusingsmetodar utan bruk av legemiddel vel du relevant behandlingsmetode i skjemaet.
Det kjem stadig nye ikkje-medikamentelle metodar. Dersom metoden din ikkje finst i lista, vel du "anna behandling", opplyser at ho er ikkje-medikamentell, og beskriv behandlinga.
Kombinasjonsbehandlinge
Dersom du har gjennomført ei kombinasjonsbehandling, legg du til ny kombinasjonsbehandling – du får så valet om å leggje til behandlingar som inngjekk.
Behandlingane som er del av kombinasjonsbehandling, følgjer same struktur som enkeltbehandlingar og har same framgangsmetode.
Eksempelvis: Har du nytta ein metode som består av både ferskvatn og termisk behandling, vel du kombinasjonsbehandling. Så legg du til ei ferskvassbehandling og ei termisk behandling som del av denne kombinasjonsbehandlinga.
Men dersom du har gjennomført to separate behandlingar som består av ferskvassbehandling og termisk behandling, rapporterer du desse som to enkeltbehandlingar og ikkje kombinasjonsbehandling.