Til hovedinnhold

Fritidsfiske og dyrevelferd

Dyrevelferdslova gjeld fisk og inneheld generelle reglar som fiskarar må følge når dei fiskar. Dette gjeld både kommersielt fiske og fritidsfiske.

Publisert

Ifølge dyrevelferdslova skal fiskaren  

  • beskytte fisken mot fare for "unødig" belastning (§ 3)
  • behandle fisken "godt" (§ 3)
  • ha nødvendig kompetanse til å fiske i samsvar med dyrevelferdslova (§ 6)
  • avlive fisken på ein "dyrevelferdsmessig forsvarlig måte" (§ 12)
  • sikre at fisket elles går føre seg på ein "dyrevelferdsmessig forsvarlig måte" (§ 20)

"Fang og slepp" er etisk betenkeleg

"Fang og slepp" av fisk er etisk betenkeleg fordi fiskaren påfører fisken smerte og stress utelukkande for opplevinga si skuld. Dette betyr ikkje at all "fang og slepp" er i strid med dyrevelferdslova. Men når formålet med fisket ikkje er å skaffe mat, skal det mindre til for at belastninga må reknast som "unødig" enn ved ordinært fiske. Også kravet om god og skånsam behandling er strengare når det ikkje er meininga å avlive fisken for å lage mat av han.

Mattilsynet sine råd til fritidsfiskarar

Vi anbefaler at du som fritidsfiskar følger råda nedanfor. Det vil betre dyrevelferda i fritidsfisket og gjere det lettare å følge dyrevelferdslova når du fiskar.

Generelle råd

  1. Sørg for å ha nok kunnskap og kompetanse om den fisken du fiskar etter, kva slags utstyr som er aktuelt, og korleis du bør handtere og avlive fisken. Sørg også for å ha utstyret og kompetansen som trengst for å følge råda nedanfor.
  2. Bruk utstyr (fiskesnøre, krokar, stang, snelle osv.) som passar til arten og storleiken på fisken du fiskar etter. Hugs at det er forbode å bruke levande fisk og andre dyr (unntatt mark og liknande) som agn.
  3. Dra fisken inn så raskt som mogleg, men pass på at snøret ikkje ryk.
  4. Handter fisken skånsamt når du har drege han inn.
  5. Avliv fisken så raskt som mogleg og på denne måten:
    • Bedøv fisken med eit hardt, velretta slag mellom auga.
    • Bruk deretter ein skarp kniv til å bløgge fisken med eit djupt kutt over gjellebogane, slik at blodet strøymer ut.
    • Ikkje prøv å bedøve kveite, berre bløgg fisken så raskt som mogleg. Hjernen ligg for djupt til at slag er effektivt.
  6. Fjern kroken frå fisken etter at han er avliva.
  7. Følg råd nummer 5 og 6 om "fang og slepp" nedanfor dersom du vurderer å sleppe fisk ut igjen. Det kan vere grunnar til å sleppe fisken ut igjen, men velferda for fisken veg alltid tyngst. Dersom fisken ikkje bør sleppast ut igjen etter vurderinga i punkt 5, skal han avlivast, sjølv om han er for liten eller er uønskt eller ueigna som mat. Fisken skal også avlivast, sjølv om han er fiska i strid med kvote eller anna privat eller offentleg regulering av fisket.  

Spesielle råd om "fang og slepp"

  1. Bruk singlekrok utan mothaker.
  2. Ikkje bruk meitemark eller liknande som agn.
  3. Bruk fiskesnøre som er tjukt nok til å dra fisken raskt inn, utan at det er nødvendig å utmatte han.
  4. Bruk håv med knutelaust nett, ikkje klepp, til å fange inn og få kontroll på fisken.
  5. Vurder om fisken bør avlivast i staden for å sleppast ut igjen. Avliv fisken raskt dersom han har ytre eller indre skadar, han har svelga kroken, det vil ta lang tid å fjerne kroken frå fisken, eller det er andre grunnar til at han ikkje bør sleppast ut. Fisken har indre skadar og skal avlivast når han har gassbobler i huda eller auga, utstikkande auge, svømmeblæra stikkande ut av munnen, er oppblåst eller har endra kroppsfasong. Jo høgare temperaturen i vatnet er på sommaren, jo mindre skader og handtering toler fisken.
  6. Slepp fisken ut så raskt og så skånsamt som mogleg, etter at han er handtert på denne måten:
    • Ta på fisken med våte hender.
    • Handter fisken minst mogleg.
    • Hald heile fisken mest mogleg i vatn, og hald han mest mogleg vassrett med god støtte under kroppen og eit fast grep rundt halen (sporden). Ikkje hald fisken etter gjellelokk, og ikkje hald han i luft meir enn nokre få sekund. Ikkje løft fisken opp etter berre halen.
    • Fjern kroken frå fisken så raskt og skånsamt som mogleg. Bruk fingrane eller ein godt eigna reiskap (f.eks. ei lang og rett spisstang).

Regelverk

Dyrevelferdsloven