Til hovedinnhold

Desinfisere vatn i akvakultur

Målet med å desinfisere er å førebyggje og avgrense spreiing av smittsame sjukdommar hos akvatiske organismar.

Publisert

Inntaksvatn - klekking og produksjon av ferskvassfisk

Kravet om desinfeksjon av inntaksvatn gjeld for verksemder som driv klekking og produksjon av laksefisk og annan ferskvassfisk. Desse verksemdene skal normalt ikkje ta inn sjøvatn, eller ferskvatn frå kjelde som har oppgang av anadrom fisk. Dersom slikt vatn blir teke inn, skal det desinfiserast.

Avløpsvatn og organisk slam - slakteri, tilverkingsanlegg og smitteforsøk

Kravet om desinfeksjon av avløpsvatn og organisk slam som blir produsert i samband med behandling av avløpsvatn frå slakting/tilverking gjeld for slakteri og tilverkingsanlegg. Sjå sidene våre om slakting av fisk for meir informasjon.

Landbaserte akvakulturanlegg som har løyve til å drive smitteforsøk med akvatiske organismar, skal også desinfisere avløpsvatnet.

Transportvatn ved brønnbåttransport

Transportvatn ved brønnbåttransport av fisk til eit akvakulturanlegg, unnateke slaktemerd, skal behandlast før vatnet blir teke inn i brønnen. Dette gjeld ikkje vatn som blir teke inn frå akvakulturanlegget som fisken kjem frå.

Ved brønnbåttransport av fisk til eit slakteri, inkludert slaktemerd ved slakteri, skal transportvatnet behandlast før det blir sleppt ut frå brønnbåten. 

De må bruke godkjende metodar og utstyr

Det er berre tillate å bruke godkjende desinfeksjonsmetodar og teknisk utstyr ved desinfeksjon av vatn til og frå akvakulturrelatert verksemd. Sjå oversikta over kva som er godkjent hos Veterinærinstituttet:

Veterinærinstituttet godkjenner metodar og utstyr

Det er Veterinærinstituttet som kan godkjenne nye metodar og utstyr. De får informasjon om korleis de søkjer om godkjenning ved å kontakte Avdeling for sjukdomsførebygging og dyrevelferd ved Veterinærinstituttet (vetinst.no).

Regelverk

Forskrift om desinfeksjon av vann, akvakultur

Forskrift om slakterier mv. for akvakulturdyr

Forskrift om transport av akvakulturdyr

Akvakulturdriftsforskriften