Godkjenning av akvakulturanlegg i to trinn og nye krav til søknaden
Mattilsynet klarerer og godkjenner lokalitetar i to trinn. I trinn ein klarerer vi anlegget. I trinn to gjev vi godkjenning, men berre etter at lokaliteten er klar til bruk og vi har inspisert han.
Alle søknader om nye anlegg og søknader som inneber fysiske endringar av anlegget, blir godkjende i to trinn. Mindre endringar, mellom anna auka biomasse, blir gjort i eitt trinn.
Søknad sendes via Fiskeridirektoratets nettside: Tildelingsprosessen for akvakulturtillatelser (fiskeridir.no)
Når søkjar veit når lokaliteten er klar til bruk, må Mattilsynet varslast slik at vi kan planleggje når vi kjem på inspeksjon.
Under finn du skildring av dei to trinna i godkjenningsløpet og kva som blir gjort i kvart av dei. Merk deg dei nye krava til kva søknaden skal innehalde.
Trinn 1: Klarering av lokalitet
På trinn 1 vurderer vi geografisk plassering, utforminga av anlegget og risiko for smittespreiing og dårleg velferd.
På dette trinnet gjer vi vedtak om klarering av anlegget etter dyrehelseregelverket, og godkjenning etter dyrevelferdsregelverket.
For søknader som inneber mindre endringar, gjer vi òg vedtak om godkjenning etter dyrehelseregelverket på dette trinnet.
Dersom vi gjer vedtak om avslag for eitt av regelverka, blir heile søknaden avslått.
Kva søknaden skal innehalde
I søknaden skal det som tidlegare vere informasjon om avstand til andre akvakulturanlegg, aktivitetar, vassutskifting, korleis omsynet til dyrevelferd skal varetakast, internkontroll og beredskap.
I tillegg er det nå fleire krav til kva som skal leggast fram av driftsansvarleg i søknaden. Desse inkluderer blant anna
- namnet og adressa til driftsansvarlege
- plasseringa og beskrivinga til anlegget av dets lokale
- artane, kategoriane og mengdene (tal, volum eller vekt av akvakulturdyr som er relevante for godkjenninga, og som blir halde i anlegget.
- typen akvakulturanlegg
Andre opplysingar om korleis det aktuelle akvakulturanlegget fungerer, som er relevante for å fastsette kva risiko det utgjer anleggets
- vassforsynings og avløpssystem
- biosikkerheitstiltak
I tillegg er det fleire utfyllande krav til dokumentasjon i akvabiosikkerhetsforskriften. Blant anna skal ein for akvakulturanlegg som flyttar dyr til utsett eller slakting dokumentere:
- biosikkerheitsplan
- at lokale og utstyr i tilstrekkeleg grad avgrensar risikoen for å innføre eller spreie sjukdom til eit akseptabelt nivå og at dei har tilstrekkeleg kapasitet.
Trinn 2: Godkjenning av anlegg før drift startar
I andre trinn blir klarerte lokalitetar inspiserte av Mattilsynet når anlegget står ferdig. Da vurderer vi forholda på lokaliteten opp mot klareringa.
Dersom det er endra forhold knytt til smitterisiko etter at lokaliteten blei klarert, må m.a. biosikkerheitsplan, internkontrollsystem og beredskapsplan vere oppdatert for at godkjenning kan givast.
Søkar må sende melding til Mattilsynet (postmottak@mattilsynet.no) minst ein månad før anlegget blir planlagt tatt i bruk.
Meldinga må minst innehalde:
- Nummer og namn på lokalitet
- Oppdatert biosikkerheitsplan, internkontrollsystem, beredskapsplan for anlegget
- Oppdatert informasjon om lokale og utstyr
- Eventuelle andre endringar
- Etter inspeksjon gjer Mattilsynet vedtak om avslag eller vedtak om godkjenning av anlegget etter dyrehelseregelverket.
Mattilsynet kan gi inntil 6 månaders vilkårsbunden godkjenning for å utbetre mindre manglar.
Mattilsynet kan redusere eller trekkje tilbake godkjenningar
Når ei verksemd over tid har alvorlege brot på regelverket for dyrehelse eller dyrevelferd, kan Mattilsynet redusere kapasiteten til eit akvakulturanlegg eller trekkje tilbake godkjenninga.
Dette gjeld særleg når vi oppdagar alvorlege manglar i biosikkerheitsplanen, journalføringa eller helseovervakinga, og verksemda ikkje kan gi tilstrekkelege garantiar for at manglane blir retta opp.
Dersom den driftsansvarlege kan garantere at manglane blir retta innan rimeleg tid, kan Mattilsynet trekkje godkjenninga mellombels i staden for å trekkje henne tilbake for godt. Blir godkjenninga trekt tilbake for godt, må verksemda søkje om ny godkjenning.