Aktsemd for å hindre smittsam sjukdom
Verksemdene må synleggjere at dei følgjer opp kravet til aktsemd i matlova § 19. Dette er eit krav som skal sikre forsvarleg fiskehelse ved at de skal unngå sjukdom på fisken.
Det inneber at de skal
- unngå at fisken får tilført smitte
- unngå at smittsam sjukdom utviklar seg
- unngå å spreie smittsam sjukdom
Ved å gjennomføre systematiske styringstiltak vil de kunne etablere barrierar for å hindre smittsam sjukdom. Kvart av punkta ovanfor bør risikovurderast med etablering av førebyggjande tiltak. Tiltak kan til dømes vere kontroll med rognproduksjon og smolt, helsekontroll, sikre robust fisk med god helse, hygieniske tiltak, unngå flytting av fisk og utslakting. Dersom de trass i slike tiltak likevel får sjukdom, er det nødvendig å analysere årsakssamanhengane og korrigere med nye førebyggande tiltak.