Kritiske hendingar beredskapsplanen må gjelde for
Akutt utbrot av smittsam sjukdom, massedød, uforsvarleg levemiljø (pga. algar, manetar, forureining m.m.) og høge lusenivå er blant krisesituasjonane de skal vere budd på gjennom beredskapsplanlegginga.
Sentrale punkt som det er grunn til å omtale:
- handtering av større mengder sjuk fisk
- handtering av større mengder fisk med alvorlege luseskadar •
- opptak og avliving av større mengder svimarar •
- masseavliving/nødslakting
- opptak av store mengder dødfisk
- dødfiskhandtering/dødfiskkapasitet
- smittesikker transport
- svikt i transport i rørsystem – på oppdrettsanlegg (og i slakteriet)