Bruk fiskehelsekompetansen
Årsaksfaktorane ved dei fleste sjukdomar er rimeleg kompliserte, og det er behov for at fagfolk med fiskehelsekompetanse deltek i det førebyggande sjukdomsarbeidet.
Etter ein produksjonssyklus der fisken har hatt smittsam sjukdom, vil helserapportane vere eit godt grunnlag for å forstå ulike årsaksfaktorar for sjukdom, inkludert smittesporing. God utgreiing av helsesituasjonen er eit nødvendig grunnlag for ei reell evaluering av status for fiskehelse. Målet må vere å sikre forsvarleg fiskehelse og fiskevelferd ved komande utsett av fisk.