Systemet må korrigerast når det er føremålstenleg
Dersom leiinga oppdagar at systemet går på tvers av regelverket eller det ikkje fungerer som planlagt, må det gjerast endringar.
Det er ikkje alltid detaljerte krav til løysingar i regelverket, og då er det gjerne eit visst eit handlingsrom som opnar for ulike måtar å handtere ting på. Sjølv om praksis i verksemda er innanfor rammene i regelverket, kan de ha kome fram til andre og betre metodar. Då er det viktig at styringssystemet blir oppdatert og speglar den praksisen de faktisk har. Elles står ein i fare for at ting blir gjort på ulikt vis eller at tilsette blir villeia av styringssystemet.