Forbetringskultur

Eit velfungerande avvikssystem er ein av grunnpilarane i eitkvart internkontrollsystem. Læring av eigne feil er i praksis ein av dei aller viktigaste måtane til å betre eiga verksemd.

Publisert

Ingen er feilfrie og feil kan skje sjølv med god planlegging og førebygging mot at feil eller uhell skal skje. Poenget er at det er unødvendig å gjere same feil om igjen og om igjen.

Eit avvikssystem bør utviklast slik at det blir eit praktisk verktøy for dei tilsette i verksemda. Det skal vere enkelt å melde avvik og rettinga bør vere så effektiv og lite byråkratisk som mogeleg. Læring av eigne og andre sine feil bidrar til å bygge opp ein forbetringskultur i organisasjonen. Det kan vere viktig å identifisere haldningar og system som undergrev ei god avvikshandtering.

I større verksemder med fleire, liknande produksjonseiningar, slik som oppdrettsselskap, vil det også vere overføringsverdi i læringa. Korleis kan feil gjort på lokalitet A leie til forbetring på lokalitet B? Eit avvikssystem bør ta høgde for å spreie læringa og endra praksis utover i eigen organisasjon.