Døme på mål
Låg dødelegheit, god tilvekst og slakteresultat med høg prosentdel superiorfisk er døme på meir overordna mål.
Slike overordna målsettingar må brytast ned og konkretiserast om det skal vere mogleg å styre etter dei og evaluere måloppnåinga. Korleis vil de konkretisere målsettinga om at tilveksten skal vere god? Eller at dødelegheita skal vere låg?
Parametrar som gir eit mål på mengde (prosentdel) fisk som ikkje er i god form kan fungere som indikatorar på fiskehelse og fiskevelferd, til dømes:
- Dødelegheit som følgje av sjukdom og påkjenning ikkje skal overskride ein viss verdi
- Velferdsindikatorar systematisert i SWIM systemet
- Tal på fisk med kronisk avmagring pga. smittsam og ikkje smittsam sjukdom.
- Tal på taparfisk som følgje av dårleg settefisk (lite smoltifisert, svak og liten smolt, vaksineskader osv.)
- Tal på fisk med sår, derformitetar eller andre helse- og velferdsproblem.
- Fôrfaktor per tidsintervall som indikator for tilvekst (månad, halvår, år)
Dette er faktorar som konkretiserer fiskevelferd og fiskehelse og samstundes kan evaluerast. Fleire av dei nemnde indikatorane som er vanleg å bruke i den økonomiske styringa, er også eigna indikatorar for verksemdene si styring og forbetring av arbeidet med fiskehelse og fiskevelferd. Tap og fôrfaktor er døme på det