Evaluering
Allereie ved planlegging av tiltaka må de avgjere kva data som trengst for å få til ei god og reell evaluering.
Målretta registreringar kan vere nyttige for å få til gode evalueringar. Det vil vere eit godt grunnlag for korrigerande tiltak, slik styringssirkelen legg opp til.
Oppdrettsdrifta bør evaluerast gjennom heile produksjonssyklusen. Etter ei kvar mindre eller større evaluering kan det vere behov for korrigerande tiltak. Viss det er teikn på at forholda for fisken er dårlege, er det behov for snarleg gjennomgang av drifta. Delevalueringar og avvikshandtering gjennomført i driftsfasa bør også inngå i sluttevalueringa av ein produksjonssyklus.
Når ein produksjonssyklus er avslutta, er det nødvendig med ein total gjennomgang av fiskehelse og fiskevelferd for å kome fram til ei meir overordna resultatanalyse. Gjennomgangen av ein driftssyklus vil vise om drifta ved ein lokalitet har lukkast med omsyn til fiskehelse og fiskevelferd. Basert på ei endeleg evaluering av produksjonssyklusen skal de kome fram til relevante korrigerande tiltak som må kome med i planane for komande utsett av fisk.
Ansvaret for å avdekke svikt er ikkje avgrensa til enkeltståande hendingar og avvik, men er ei generell plikt for å følgje opp resultata.