Konkrete og evaluerbare mål
Ved bruk av styringssirkelen skal verksemda evaluere kor god oppdrettsdrifta har vore og i kva grad dei har nådd måla.
Funksjonskrava i regelverket kan vere lite detaljerte og vanskelege å styre etter. De er då avhengige av å bryte ned krava i meir "operasjonelle" målsettingar med tilhøyrande tiltak. Eit døme kan vere kravet til forsvarleg fiskevelferd. Ein måte å setje seg eit konkret mål her kan være å definere ein verdi for akseptabel dødelegheit. Målet kan vere til dømes 5 % per produksjonssyklus. Det er avgjerande at måla er konkrete for å få til ei god evaluering. Med utgangspunkt i målsettingane, må de arbeide med tiltak for å nå måla. Det kan vere førebyggande tiltak eller avbøtande tiltak.