SMARTE mål
Ved at akvakulturnæringa set seg "SMARTE" mål (Spesifikke, Målbare, Aktuelle, Realistiske, Tidsavgrensa, Evaluerbare) vil målstyringa av oppdrettsdrifta bidra til betre styring og framgang for produksjonen.
Det kan vere nødvendig at måla er periodisert for ulike livsfasar og på fiskegruppenivå for at dei skal vere evaluerbare og dermed fungere i styringssirkelen. Det er særleg aktuelt å utvikle gode mål på dei områda verksemda har størst utfordringar med helse og velferd for fisken.