Handlingsplan for fiskehelse
Styring og kontroll med smittsam sjukdom er svært viktig for at oppdrettsdrifta skal vere i tråd med matlova § 19. Det kan vere nyttig å utforme ein handlingsplan for fiskehelse.
Ein slik plan kan innehalde samla informasjon om risiko, vurderingar, styrande tiltak og mål for å styrke arbeidet med god fiskehelse. Risikomatrisa blir ofte nytta som den einaste dokumentasjonen for vurderinga av tiltak på fiskehelseområdet. Ei slik skjematisk framstilling gir lite rom for samla planlegging av tiltak fram i tid. Rubrikkane gjer at innhaldet blir oppstykka og det kan vere vanskeleg å få tak på dei store linjene. Ei risikomatrise er nyttig, men isolert sett ikkje eigna som planverktøy.
Det er fleire fordeler med handlingsplanar. Det førebyggande helsearbeidet blir vektlagt og meir systematisk. Det gir også styringssignal til tilsette og kan bidra til å skape gode haldningar og kultur i selskapet.