Opplæring

Organisasjonskulturen og kompetansen til den enkelte vil utviklast kontinuerleg. Dette skjer naturleg i samhandlinga med andre tilsette og andre kompetansemiljø.

Publisert

Konkrete tiltak for å heve kompetansen og utvikle organisasjonskulturen i riktig retning kan likevel være avgjerande for å lukkast. Dei aller fleste verksemder har behov for opplæringstiltak. Opplæring skal bidra til å:

  • heve kompetanse- og kunnskapsnivået 
  • bevisstgjere og auke aktsamheit 
  • utvikle ferdigheiter og erfaring 
  • bygge kultur

Kompetanse og kunnskap

Systematisk opplæring skal mellom anna sikre at dei tilsette har tilstrekkeleg kompetanse og kunnskap for å kunne utføre sine arbeidsoppgåver på ein god måte. Behova for opplæring vil variere alt etter arbeidsoppgåver og rolle i organisasjonen. Noko kunnskap skal den enkelte ha under huda, medan det for andre oppgåver held å kunne slå opp ved behov.

Aktsemd

Aktsemd vert styrka når du veit kvifor rutinane er som dei er. Når ein ikkje kan ta snarvegen for å løyse ei oppgåve, er det alltid nyttig å kjenne føremålet med å utføre arbeidsoperasjonen ved å gå den «tunge» vegen. Å få dei tilsette til å forstå og bevisstgjere dei på føremål, risiko, konsekvensar, vil kunne vere avgjerande for å få ønska handlemåtar. Det gjer også at dei tilsette blir meir bevisste på eiga rolle i organisasjonen.

Ferdigheit og erfaring

Når tilsette har fått kunnskap om kva dei skal gjere og kvifor dei gjer det, er tida komen for å setje det ut i livet, å praktisere det i kvardagen. Det er desse konkrete handlingane som gir resultata og som heile verksemda er avhengig av. Gode ferdigheiter heng ofte saman med trygge tilsette. Den som er trygg på eigne ferdigheiter har praktisert og fått erfaring. I mange høve er det også viktig å trene på den praktiske utføringa.