Kva for sjukdomar er aktuelle?

Konsekvensen av sjukdomsutbrot er alvorleg for fiskehelse og fiskevelferd både ved eigen lokalitet og ved spreiing til nabolokalitetar og større område.

Publisert

Sidan sjukdomsutbrot er avgjerande helsetilstanden, er det viktig å vurdere risiko og ha konkrete mål for dei aktuelle sjukdomane i området. Då kjem de fram til kva for sjukdomar som mest sannsynleg vil kunne ramme fisken. Det er særleg ved høg risiko det er behov for gode førebyggande rutinar og tiltak for å avdekke og handtere sjukdomsutbrot. Risiko for sjukdom er mellom anna avhengig av om oppdrettsanlegga ligg i eit oppdrettsintensivt område, om det er slakteri i nærområdet, om det er plassert i nærleiken av ei brønnbåtlei og så bortetter.