Kontroll
I styringssystemet skal de også legge opp til oppfølging og evaluering av drifta.
Det er avgjerande at de har etablert trygge kommunikasjonslinjer mellom leiarnivåa og alle på merdkanten. Røktarane må vite kva for avvik og hendingar de skal rapportere til leiinga. På sentrale mål og område med risiko bør må leiinga spørje etter informasjon og evaluere drifta undervegs. Det er mange måtar de kan følgje opp og kontrollere drifta på, t.d.:
- be om intern rapportering, til dømes frå merdkanten
- gå gjennom innmelde avvik (svikt i drifta)
- gå gjennom informasjon henta frå medarbeidarar og personalmøter
- følgje opp tilsynsrapportar frå Mattilsynet
I tillegg må de evaluere heile drifta meir systematisk kvart år eller etter kvar produksjonssyklus. Ved å evaluere resultata finn de fram til kva som kan gjerast betre ved neste utsett av fisk.