Mål for fisken sin helse

For eit matfiskanlegg vil det ikkje vere nok å ha som mål at fisken skal vere så frisk som mogeleg. De må sette meir konkrete mål for korleis de vil etterleve krava til god fiskehelse.

Publisert

Kva mål de kjem fram til, kan vere avhengig av tidligare erfaringar på lokaliteten og sjukdomssituasjonen i området. Sjukdomsutbrot og høg dødelegheit kan vere ei følgje av feil eller uforsvarleg drift. Det er rimeleg å forvente konkrete mål om å unngå sjukdomsutbrot og redusere dødelegheit med tilhøyrande planar og tiltak.

Måla kan med fordel vere periodisert for ulike livsfasar og på fiskegruppenivå slik at dei blir evaluerbare og dermed fungerer i styringssirkelen. Mykje av variasjonen i sluttresultatet for ein matfisklokalitet er avhengig av smoltkvaliteten. Miljøet og drifta ved settefiskanlegget har mykje å seie for framtidig helse og velferd for fisken. Evaluering av produksjonen bør gjerast på fiskegruppenivå for å identifisere årsaker til sjuk eller svak fisk.

Fiskesjukdommar smittar på ulik måte og krev ulike smitteførebyggande tiltak. Måla må derfor konkretiserast på kvar enkelt sjukdom. Døme på mål kan vere å unngå ILA-utbrot eller PD. Desse to sjukdomane har ulikt potensiale for smittespreiing, og det kan vere grunn til ulik handtering og særeigne tiltak.