Risikovurdering og risikohandtering

Det er ingen matprodusentar som i lengda tener på å selje dårleg mat og ingen oppdrettar som ønskjer dårleg fiskevelferd, sjukdom eller rømming av fisk frå anlegga sine.

Publisert
"Pinnar" ved merdkanten.
"Pinnar" ved merdkanten. Har smoltutsettet vore forsvarleg? Foto: Christine Børnes, Mattilsynet

Eit velfungerande internkontrollsystem førebygger at risiko slår ut og negative hendingar skjer. Seriøse verksemder følgjer regelverket og analyserer si eiga oppdrettsdrift for å sjå etter problem og utfordringar som dei må løyse og handtere. Om ei negativ hending likevel skulle skje, og det skjer jo av og til, bør de ha passande tiltak som kan avbøte konsekvensane av at hendinga skjedde. Dei prosessane de har for å førebygge og handtere problema, kallar vi risikovurdering og risikohandtering