Leiaransvar

Det er leiarane i verksemda som har det overordna ansvaret for å utvikle styringssystemet.

Publisert

Det er leiinga som til sjuande og sist avgjer korleis de ønskjer å styre verksemda, også korleis rutinar og prosedyrar i verksemda skal vere. Det er ikkje til hinder for å delegere oppgåver knytt til dette. Dei handlingsmønstera som rutinar og prosedyrar skapar, kan vi sjå på som eit tannhjulsystem som får verksemda til å fungere. Då gjeld det for leiarane å smøre systemet godt og unngå rusk i maskineriet. Det kan vere at ulike leiarar har ansvar for å utvikle systemet innanfor sitt område. At ansvaret ligg på leiarane i verksemdene betyr sjølvsagt ikkje at andre tilsette ikkje kan ta initiativ til eller kome med forslag om forbetringar i styringssystemet