Store og små verksemder
Verksemdene i næringslivet er ofte ulike og vil derfor ha ulike styringsbehov.
I oppdrettsbransjen finn vi alt frå små familiebedrifter med ei handfull tilsette til dei aller største aktørane i verda med omsetning på 10-talls milliardar kroner. Styringsutfordringane er svært ulike i desse selskapa.
Styringa i familiebedrifta kan i praksis skje ved middagsbordet medan tilsette i dei største selskapa kanskje aldri har møtt den øvste leiinga si. Det er atskilleg meir krevjande å nå ut med styringsbodskap i eit stort selskap enn i eit lite.
Ansvarsforholda er også organisert på ulike vis. Internkontrollen i desse verksemdene må tilpassast etter type drift, risiko og størrelse. Der den vesle verksemda klarer seg med ein godt gjennomtenkt rutine, kan det vere behov for fleire skriftlege prosedyrar i det store børsnoterte selskapet.