Fiskevelferdsplan
Det er nyttig å samle ulike vurderingar av risiko og tilhøyrande velferdsmessige tiltak for å sjå dei i samanheng i ein velferdsplan. Å styre etter måla i velferdsplanen kan vere effektivt.
Det er vanskeleg å vite på førehand kva som er tilstrekkelege planar og tiltak for å nå måla om god fiskevelferd. Det er derfor viktig at ein slik plan er dynamisk og heile tida blir tilpassa dei utfordringane de har og ser føre dykk.
Helse og velferds-CV for fisken
Hardføre fiskepopulasjonar med god velferdsstatus toler påkjenningar som sjukdom eller fysisk handtering betre enn svekka fisk. God smoltkvalitet gjer fisken robust for sjøfasa. Men også vidare bra stell, forsvarleg handtering og gode miljøforhold vil medverke til at fisken er meir hardfør gjennom heile produksjonssyklusen. Grundig helsekontroll, som blir samla i ein helse og velferds-cv (anamnese) for fisken, er tenleg for at fagfolka skal kunne vurdere om fisken er «sterk» nok til å gjennomgå ei hardhendt fysisk handtering. Helsetilstanden og behandlingshistorikken til fisken kan vere heilt avgjerande for om han toler til dømes ei avlusing.
Velferdsindikatorar
Havforskingsinstituttet har utvikla eit hjelpemiddel (SWIM – Salmon Welfare Index Model) til bruk for å overvake fisken sin velferdsstatus. Ulike indikatorar for velferd blir målt og ei samla vurdering av desse gir fisken score for velferd. Veterinærinstituttet og Nofima arbeider også med standardisert metode for å måle fiskevelferd. Denne blir kalla Fish Well. Også andre fag-/vitskaplege miljø kan utvikla liknande verktøy eller ny kunnskap som kan medverke til forbetring av oppdrettsdrifta. Systematisk bruk av slike «verktøy» for kontroll med velferdsstatus vil vere nyttig for å sikre forsvarleg fiskevelferd. Det er rimeleg å forvente at ny kunnskap og nye metodar blir teke i bruk, og de har eit ansvar for å halde dykk oppdatert på desse.
Dødelegheit
Kor mykje av fisken som overlever fram til slakt er ofte nytta som eit mål på om fisken har hatt god velferd. Undersøkingar over fleire år har vist at det særleg er tre hovudårsaker til at fisk ikkje overlever. Det er dårleg kvalitet på settefisk, sjukdom og handtering av fisken. Desse erfaringane tilseier at de kan arbeide med konkrete mål på desse områda for å få betre fiskevelferd.
De må ha eit bevisst forhold til alle trinna i produksjonssyklusen, regelmessig vurdere status og heile tida gå inn med ulike forbetringstiltak for å sikre fiskevelferda. Til dømes gjeld det å velje lokalitetar med godt levemiljø for fisken. Eit anna tiltak kan vere rutinar for å sikre god brønnbåttransport.
Havforskingsinstituttet har i risikovurderingane sine for 2013 og 2016 skissert kva som er sannsynleg velferd for fisken basert på nivå av dødelegheit. Det kan vere nyttig å ta utgangspunkt i dette ved evalueringane de gjennomfører av akkumulert dødelegheit gjennom produksjonssyklusane. Dei beste oppdrettsverksemdene har greidd å kome under 5 % dødelegheit. Eit realistisk mål for akkumulerte dødstal per produksjonssyklus vil vere ein nyttig styringsindikator i forbetringssirkelen.