Velferdsmessige utfordringar
Ei kjent utfordring er til dømes påkjenning ved avlusing av fisk. Korleis kan de unngå unødvendig påkjenning på fisken? Og korleis kan de gjere nødvendig påkjenning på fisken så liten som mogleg?
På eit eller anna tidspunkt vil dei velferdsmessige påkjenningane vere så store at dei uansett ikkje er akseptable. Kva vil de gjere i ein slik situasjon? For å kunne ta gode avgjerder ved slike problemstillingar treng de rett kompetanse. I eksempelet over må fiskehelsepersonell involverast, då dei har særleg gode føresetnader til å vurdere fisken sin status og evne til å tole påkjenningane.
Kva for velferdsmessige påkjenningar er aktuelle?
Basert farekartlegging og risikovurdering vil de kome fram til kva velferdsmessige påkjenningar fisken er særleg utsett for. Etter slike prosessar vil det vere lettare å førebygge svikt ved at de har kome fram til relevante tiltak som reduserer risikoen. Kva som er utfordringane vil variere mellom diverse typar drift og miljøforholda der anlegget er plassert. Risikoane er ulike om det gjeld sjøanlegg eller landanlegg, om anlegget ligg i ein fjord eller vêrutsett til ved kysten, nord eller sør i landet, i oppdrettsintensivt område og særleg der det er problem med høge lusenivå og resistens i sjøområdet.