Tiltak etter avvik
Ei avviksmelding vil ofte peike på kva som svikta. Det kan vere at ein rutine ikkje blei følgd, at utstyr blei øydelagt eller at det var ei hending med konsekvensar for fisken.
Korleis skal slike hendingar følgjast opp?
Eit godt avvikssystem bør sikre at dei omdiskuterte problemstillingane blir møtt med relevant kompetanse. Nokre gonger er han/ho som har meldt avviket den beste til å vurdere kva tiltak som er mest aktuelle. Det vil derfor vere fornuftig å lage eit system der det samtidig med avviksmeldinga blir bedt om forslag til tiltak frå den som melder avviket.
Det kan vere fornuftig å gjere ei risikovurdering når det først blir meldt inn eit avvik. Veldig ofte er det fleire årsaker til ein svikt. Utstyr som blir øydelagt vil kunne skuldast ein irregulær feil i materialet. Men det kan også vere at kontrollrutinane ikkje ble følgd og at kontrollrutinane ikkje er gode nok. Kanskje har opplæringa i verksemda vore for dårleg? Det gjeld å identifisere desse årsakene og finne tiltak som både kontrollerer risikoen på ein god måte, men også tiltak som kan avhjelpe om risikoen likevel slår ut på nytt.
Det viktigaste er at alle avvik blir vurdert på ein skikkelig måte! Det er ikkje noko krav om at alle avvik alltid skal ha korrigerande tiltak. I nokre tilfelle vil konklusjonen vere at avviket er så tilfeldig eller risikoen så liten at det ikkje er grunn til å innføre tiltak. Slike konklusjonar bør vere godt grunngitt.
Dersom det er sett i verk tiltak etter ei avviksmelding er det klokt å følgje dette opp med evaluering. Var tiltaka gode nok? Er det bruk for ytterlegare tiltak? Eller fungerte dei etter intensjonen? Det kan også vere grunn til å fjerne tiltak som ikkje hadde forventa effekt.