Slik søkjer du om godkjenning av nytt eller utviding av akvakulturanlegg
Skal du etablere eit nytt akvakulturanlegg eller gjere fysiske endringar på eit eksisterande, må du ha godkjenning frå Mattilsynet. Nokre typar anlegg er haldne utanfor krav om godkjenning, men desse skal registrerast.
Vis endring
- Samla infom om søknadsprosess, søknad og faglege kriterium
To saker er slått saman til éin som gjeld både søknadsprosess, kva søknaden skal innehalde og kva for faglege kriterium Mattilsynet vurderer søknaden ut frå.
Mindre endringar, som auka biomasse, blir behandla i eitt trinn.
De skal sende søknaden via Fiskeridirektoratet si nettside: Tildelingsprosessen for akvakulturtillatelser (fiskeridir.no)
Kva Mattilsynet vurderer i søknaden
Mattilsynet vurderer søknaden ut frå omsynet til fiskehelse og fiskevelferd. Dette er avvegingssaker der vi utøver skjønn, og alle søknader blir vurderte individuelt.
I vurderinga av fiskehelse legg vi særleg vekt på faren for smittespreiing til og frå anlegget. Faktorar som har innverknad på smitterisikoen er mellom anna
- straumforhold og topografi
- avstand til vassdrag og vandringsruter for villfisk
- avstand til andre akvakulturanlegg og akvakulturrelatert verksemd
- drifts- og produksjonsform og produksjonsomfang
Tettleiken av akvakulturanlegg i nærområdet har òg noko å seie for smitterisikoen. Kvar lokalitet blir derfor vurdert i samanheng med anlegg og akvakulturrelaterte verksemder i eit større geografisk område.
I vurderinga av fiskevelferd legg vi vekt på kvalitetane til lokaliteten når det gjeld straumforhold og vasskvalitet. For sjøanlegg blir straumforholda vurderte opp mot geografi, botntopografi og utforming og plassering av merdanlegget. For landbaserte anlegg blir mellom anna tilgjengeleg vassmengd, røyr- og pumpekapasitet og vasskvalitet vurderte opp mot produksjonsplanen.
Mattilsynet vurderer òg om internkontrollsystemet sannsynleggjer at krav til smittehygienisk og velferdsmessig forsvarleg drift kan etterlevast, inkludert beredskapsplan, risikobasert helsekontroll, vasskvalitet og journalføring.
Godkjenning av sjøanlegg med produksjon av matfisk eller stamfisk blir gitt til ein bestemt maksimalt tillaten biomasse (MTB). Godkjenning av anlegg for produksjon av settefisk eller kultiveringsfisk blir gitt til produksjon av eit bestemt tal settefisk.
Historikk tel ved vurdering av søknaden
Mattilsynet ser på historikken til verksemda når vi vurderer søknader om etablering og utviding. Vedvarande høge lusetal eller alvorlege regelbrot kan telje negativt i søknadsprosessen.
Trinn 1: Klarering av lokalitet
I trinn ein vurderer vi den geografiske plasseringa, utforminga av anlegget og risiko for smittespreiing og dårleg velferd.
Vi gjer vedtak om klarering etter dyrehelseregelverket og godkjenning etter dyrevelferdsregelverket. Dersom vi fattar vedtak om avslag for eitt av regelverka, blir heile søknaden avslått.
For søknader som gjeld mindre endringar, fattar vi også vedtak om godkjenning etter dyrehelseregelverket på dette trinnet.
Kva søknaden skal innehalde
Søknaden skal innehalde informasjon om
- namn og adresse til driftsansvarlege
- plassering og beskriving av anlegget og lokala
- artar, kategoriar og mengder av akvakulturdyr som er relevante for godkjenninga
- type akvakulturanlegg
- vassforsynings- og avløpssystem
- biosikkerheitstiltak
- avstand til andre akvakulturanlegg og aktivitetar i området
- vassutskifting
- korleis omsynet til dyrevelferd skal varetakast
- internkontroll og beredskap
For akvakulturanlegg som flyttar dyr til utsett eller slakting, krev akvabiosikkerhetsforskriften i tillegg
- biosikkerheitsplan
- dokumentasjon på at lokale og utstyr i tilstrekkeleg grad avgrensar risikoen for å innføre eller spreie sjukdom, og at dei har tilstrekkeleg kapasitet
Trinn 2: Godkjenning før drift startar
Når anlegget er ferdigstilt, inspiserer Mattilsynet lokaliteten og vurderer forholda opp mot klareringa frå trinn ein.
Merk: Du må varsle Mattilsynet minst éin månad før anlegget er planlagt tatt i bruk. Send melding med denne informasjonen til postmottak@mattilsynet.no:
- nummer og namn på lokalitet
- oppdatert biosikkerheitsplan, internkontrollsystem og beredskapsplan
- oppdatert informasjon om lokale og utstyr
- eventuelle andre endringar
Dersom det har oppstått endra forhold knytt til smitterisiko etter klareringa, må biosikkerheitsplan, internkontrollsystem og beredskapsplan vere oppdaterte før de kan få godkjent anlegget.
Etter inspeksjon gjer Mattilsynet vedtak om godkjenning eller avslag. Mattilsynet kan gi inntil seks månaders vilkårsbunden godkjenning for å utbetre mindre manglar.